21/05/2019
by Postmaster Voitto
Comments Off on Nato – 70 år

Nato – 70 år

NATO – 70 år

Senioruniversitetet i Ulstein arrangerte temamøte 8. mai i samband med skipinga av NATO i 1949. Føredraget vart halde av professor Jon Hellesnes. Møtet starta med song av Ulstein Mannskor, til glede for eit stort publikum.

Hellesnes innleidde med at norske politikarar, t.d. Olav Oksvik og Carl Joachim Hambro, hadde vore skeptiske til norsk medlemsskap: Norge kunne bli trekt inn i operasjonar i strid med våre interesser. Sovjet si annektering av austeuropeiske statar frå 1947 var grunnen for opprettinga av NATO, som skulle vere ein rein forsvarsallianse.

Oppløysinga av Sovjet, irekna Warsawapakten, skulle ein tru fjerna grunnlaget for NATO. Tvert om, det nye NATO har andre oppgåver enn å vere forsvarsallianse. Afghanistan, Irak, Libya, Serbia, etc. viser det tydeleg. Ekspansjon austover, heilt fram til russisk grense, og tidlegare austblokkland si interesse av vern mot russisk ekspansjon, har skapt ein ny og farleg situasjon som minner om da Sovjet plasserte atomvåpen på Cuba. Vi hugsar USA sin reaksjon.

For Norge er situasjonen ikkje berre at vi i nord har felles grense mot Russland der stor militær slagkraft er klar, men at militærstrategien i NATO er å få eit åtak frå russisk side til å vere mot norsk område. At mye amerikansk etterretning mot Russland skjer via Norge, gjer scenariet sannsynleg. Amerikanske u-båtar med atomvåpen har løyve til å operere i norske farvatn basert på norsk radar. Saka var oppe i Stortinget 4. juli i fjor, der den vart dyssa ned. Russland har fått eit motiv for å velje Norge som bombemål.

Hellesnes si framstilling av alliansen og Norges rolle bygger på materiale frå amerikanske militæranalytikarar, George Kennan, Helmut Schmidt, Brezinski, m.fl. Argumenta hans kviler ikkje på det ein på russisk eller russisk-venleg side hevdar. Etter oppløysinga av Warsawa-pakten trekte Sovjet styrkane sine tilbake frå Europa. Avtalen var at NATO ikkje skulle utvidas. President Clinton braut avtalen.

Stoda i dag er farlegare enn under den kalde krigen. Forholdet til Russland er nå ideologi-basert. Den gongen var realitets-orientert politikk rådande. At forholdet er styrt av ideologi, ikkje av real-politiske omsyn, har Willoch peika på. Selektiv bruk av internasjonal rett viser det klart. Dette inneber at frontane manglar rasjonale aktørar og at slike aktørar ikkje kjem gjennom med sine argument. Med nåverande administrasjon i USA er lite anna å vente. Norges rolle er klakørens. Tidlegare hadde alle sentrale aktørar på båe sider erfaring frå andre verdskrigen. Dei visste kva krig innebar. Tilsvarande manglar dagens politikarar. Dét gjer stoda ekstremt farleg.

31/03/2019
by Postmaster Voitto
Comments Off on Hødd og identitet

Hødd og identitet

Hødd og identitet

100-årsmarkeringa av Hødd på Senioruniversitetet vart ei triveleg stund for dei vel 40 frammøtte.

John Osnes leia samtalene mellom Kjell Garnes, Evy Sunndal, Andre Nevstad og deltakarar blant publikum, mellom anna Severin Myklebust som fortalde humoristisk om pengeinnsamlingane til Hødd.

Dei tre i panelet hadde kvar sin innfallsvinkel til temaet. Nevstad fortalde om korleis høddkulturen kom til på 60-talet, at det var eit lite lag med store opplevingar. Dei var stolte av klubben, også om laget rykka ned.

-Vi har ei stolt fortid. Over 70% av folk i Ulsteinvik spelar fotball. Hødd er meir enn kva nivå dei ligg på.

Det kom også fram at Hødd er størst i fylket når det gjeld breiddeidrett, og dei største gruppene er fotball, turn og handball.

Kjell Garnes vart spurt om korleis det var å rykke opp i 1.divisjon i 1965.

-Spelarane vart like overraska som dei som seinare vann cup-finalen. Då spelarane reiste til Trondheim, var det ingen på laget som snakka at slikt kunne skje. Men det var ikkje same feiringa som etter cup-finalen, slo han fast.

Fleire blant publikum tok ordet, mellom anna Hans Gisle Holstad. Han kunne fortelje at då laget rykka opp, fekk mange små lag augene opp for at jamvel små stader kunne skape gode fotball-lag.

At landslagsspelarar kom herfrå, var viktig for Ulsteinvik, for regionen og for smålaga utover i landet. Hødd skapte veg for andre småklubbar rundt i distrikta; Kan dei greie det, kan vi og.

Ein morosam kommentar i denne samanheng, var at folk på Austlandet trudde at Hødd besto av fiskarar som spelte i oljehyre.

Evy Sunndal tok til orde for alt frivillig arbeid som har blitt og blir lagt ned i klubben.

-Dei er heilt avhengige av at foreldre stiller ved kiosksal og liknande. Det er utruleg kor mange timar folk brukar for å drive dei ulike gruppene i Hødd. Men når borna kjem i 13-19-årsalderen, endrar foreldrerolla seg. Å ta ut lag kan vere problematisk overfor eigne born. Det krev ein trenar.

Hødd som merkevarebygging.

Idrettslaget var med på å skape identitet i bygda. Når folk var ute på reise og vart spurde kvar dei kom frå, vart svaret Ulsteinvik. Det kjende folk til; det er der Hødd kjem frå. Det kunne også tidlegare ordførar Hannelore Måseide stadfeste, også ho vart møtt med det same svaret då ho sa kvar ho kom frå.

-Det var ein reklame for Ulstein kommune som har vore uvurderlig. Kommunen ville aldri ha greidd å gi dei tilboda til nye innflyttarar som Hødd har gjort. Idrettslaget bidrar til integrering av vaksne tilflyttarar til kommunen. Det er viktig å skape sosiale miljø og integrasjon. Og det er ei helsegevinst ved å få dei unge i fysisk aktivitet.

Det kom elles fram at prosjektet «Fotballens betydning for trivselen i lokalsamfunnet» fekk fleire «ja» i Ulstein enn t.d. Sogndal. Ein positiv effekt var at folk flytta til Ulsteinvik på grunn av Hødd. Og mange vart svært aktive i Hødd-miljøet.

I 1990 vart Ulstein kåra til Norges beste kommune å bu i. Hødd spelte ei avgjerande rolle i grunngjevinga.

IIH

19/02/2019
by Postmaster Voitto
Comments Off on Referat fra Årsmøtet 2019

Referat fra Årsmøtet 2019

Årsmøtet i Senioruniversitetet i Ulstein

torsdag 14.02.2019, i Aktivitetshuset/Vikholmen.

Før det ordinære årsmøtet tok til, kåserte Odd Goksøyr og synte lysbilete frå Shetland. Bakgrunn for kåseriet var dikt av den shetlandske diktaren Christin De Luce. Goksøyr hadde sjølv omsett fleire av desse frå lokal shetlandsk dialekt. Han framførde fleire av dikta som song, akkompagnert av seg sjølv på gitar. Andre dikt las han opp. 30 medlemer møtte fram.

Så til sjølve årsmøtet:

. 1. Leiaren, Inga Ishild Hareide, opna møtet og gjorde framlegg om Guri Saunes som

ordstyrar og Atle Måseide som referent. Båe framlegg vart vedtekne med applaus.

    1. Guri Alme og Jostein Hatløy vart valde til å underteikne protokollen.
    2. Det var ingen merknader til innkallinga, tilsvarande gjaldt sakslista.

4. Årsmeldinga vart godkjend med applaus.

5. Rekneskap vart godkjent med applaus. Det viste overskott på kr. 13.589,81

som utgjorde basis for gratis blaut- og gulrotkake i tillegg til gratis lodd,

der vinsten var blomar.

6. Det var ingen innkomne saker.

7. Valet vart leidd av Rita Lill Myklebust.

Leiar: Inga Ishild Hareide – tok attval.

Kasserar: Anne Botnen – ny.

Skrivar: Hallgerd Conradi – ikkje på val

Dataansvarleg: Voitto Jokinen – tek attval under visse føresetnader

Styremedlem: Atle Måseide – tek attval

Varamedlemmer: Marit Aarsheim Steinnes -tek attval

Ragnhild Kriken Garnes – tek attval

Ruth Bjørndal Nytun – ny

Revisor: Gjermund Solbakken.

Valnemnd: Borgny Solbakken – ikkje på val, Ingrid Pedersen – ikkje på val.

Oddny Ekroll – ny.

Alle val gjeld for to år med unntak av leiar og revisor som er valde for eitt år.

Atle Måseide

referent

08/02/2019
by Postmaster Voitto
Comments Off on Årsmøte 2019 02 14

Årsmøte 2019 02 14

Christine De Luca, Øystein Orten og Odd Goksøyr i Lerwick. (foto Greta S. Goksøyr)

Årsmøte med tur til Shetland

Torsdag 14. februar er det årsmøte i Senioruniversitetet i Ulstein på Aktivitetshuset Vikholmen kl. 19. Men i tillegg til årsmøtesakene vil Odd Goksøyr ta oss med på ei reise til Shetland gjennom landskap, historie, språk og banda mellom Shetland og Norge i ord, bilete og tonar.

Han har kalla lysbiletekåseriet sitt for Glimt av opphav, eller Glims o origin som dei ville seie. I arbeidet med å omsetje 40 dikt av den shetlandske lyrikaren Christine De Luca vart han nyfiken både på øya og De Luca, og reiste over med fotoapparatet og Øystein Orten som følgjesvener.

Alt skulle såleis liggje tilrette for ein triveleg kveld, og viktig med omsyn til årsmøtet. Senioruniversitetet inviterer til kaffi og kaker, og vonar på godt frammøte.

19/11/2018
by Postmaster Voitto
Comments Off on Ulstein og Hareid – likskap og ulikskap

Ulstein og Hareid – likskap og ulikskap

Senioruniversitetet arrangerte møte 25. oktober, der Marit Kvammen kåserte om likskap og skilnad mellom Ulstein og Hareid.

Kåsøren peika innleiingsvis på det naturlege hopehavet mellom dei to bygdene. Fråstanden over Eidet er ikkje stor. Jamvel om kommunikasjonsvilkåra har vore meir tungvinte enn dei er i dag, har det ikkje vore uvanleg å finne ektemaken sin på hi sida av Eidet. Slik sett er slektsbanda mellom dei to kommunane så markerte at dét aleine burde gje tilstrekkeleg grunn til å påstå at det ikkje er store skilnader mellom dei. At dialekten stort sett er felles, bidrar også.

Likevel er der klare og temmeleg djupe skilnader, noe som er påfallande når ein tenker på kor kort fråstanden er mellom kommunane, kor tette familieband som rår, osv.

Medan Hareid tradisjonelt har vore ein fiske- og fangstkultur og stadig ber preg av dette, har ikkje tilsvarande vore tilfelle for Ulstein sitt vedkommande. Ulstein har ikkje hatt ein havgåande fiskeflåte, slik Hareid hadde, med det som i si tid var største havgåande fiskeflåten i landet. Ein stad der effekten av dette kjem tydeleg til uttrykk, er på fotballbanen. Hødd vart skipa i 1919 og bygde straks opp ein organisasjon rundt laget. Spelarane budde i bygda, der det var arbeidsplassar for dei m.a. i ulike former for industriføretak. Dermed var eit nødvendig vilkår på plass for kontinuitet. På Hareid, derimot, var eit stadig tilbakevendande problem å sanke inn spelarar frå kamp til kamp – for ikkje å snakke om til trening. Etterlyste ein spelarar på trening, var svaret som regel at vedkommande er på fiske. Bar det slik til at ein som såg på treninga, sparka til ballen så pass at den fauk i mål, var responsen ofte: «He’ du legekort?».

Dette innebar at det i Hareid i liten grad har vore kultur for langsiktige planar og investeringar, noe ein ser att i fråveret av eit samanhengande sentrum i Hareid. I ein fiske- og fangstkultur lærer ein ikkje langsiktig planlegging. Der er alltid eit avgjerande moment av det tilfeldige som gjer at langsiktige investeringar vil kunne te seg som umoglege. I eit industrisamfunn vil ein ikkje møte slike hinder. Der har ein lært å investere på lang sikt, rett og slett av di dette er nødvendig. Å handle basert på vona om «det store varpet», er kontraproduktivt.

Etter kåseriet var det høve til kommentarar. Mellom det som kom fram, vart det peika på at

utviklinga ein har sett i dei to kommunane etter seksti-åra, er interessant. Hareid hadde større finansielle musklar enn Ulstein for seksti år sidan. I dag er det omvendt. Grunnlaget for denne skilnaden er nettopp dei industriverksemdene, følgjeleg òg kulturen, som eksisterte i Ulstein, og som fekk ein oppsving gjennom maritim industri frå seksti-talet og utetter. I sin tur skapte dette grobotn for tilflytting frå andre stader. Dette har gjort sitt til å endre Ulstein på ein måte ein ikkje finn tilsvarande på Hareid. Hareid er blitt hangande etter.

20/09/2018
by Postmaster Voitto
Comments Off on September 27. Om oppvekst i Senioruniversitetet Tor-Johan Ekeland

September 27. Om oppvekst i Senioruniversitetet Tor-Johan Ekeland

Om oppvekst i Senioruniversitetet 27. september

Forskingsdagane i Volda i samarbeid med Senioruniversitetet har fått professor dr. philos Tor-Johan Ekeland til å halde foredrag om oppvekst på temamøtet i Aktivitetshuset torsdag 27. september. Foredraget «Mellom individualisme og fellesskap – dilemma i moderne oppvekst» skulle treffe fleire, også ut over Senioruniversitetet sine medlemer, og det er ope for alle. Fri adgong.

I alle kulturar har fellesskapen og vaksenverda hatt ei sams oppgåve overfor barnet: å hjelpe det til å vekse inn i kulturen og «bli som oss». I samsvar med framveksten av moderne vestleg individualisme og verdien av sjølvrealisering, har dette endra seg. Målet er no at barnet skal «bli seg sjølv». Men ingen kan «bli seg sjølv», eller skape ein identitet utan i forhold til ein fellesskap. I moderne oppvekst har misforholdet mellom fellesskap og individ blitt eit kulturelt problem.

Med oppvekst som presteson på Sæbø fekk Ekeland tidleg erfare korleis eit lite lokalsamfunn vert eit opplevingsrikt univers for barn i oppvekståra; folket, naturen, fellesskapen, tema som vert i ein når kunnskapshorisonten utvidar seg. Tor-Johan Ekeland har bakgrunn som sosialpsykolog og har vore knytt til Høgskulen I Volda i ei årrekkje, er professor II ved Høgskulen i Molde og har elles vore knytt til Universitetet i Bergen. Han har hatt plass i nasjonale råd og utval, og er med si engasjerande formidlingsevne mykje nytta som foredragshaldar landet over. Sjå annonse seinare.

Styret SIU

Continue Reading →

01/07/2018
by Postmaster Voitto
Comments Off on Operatur 2018

Operatur 2018

Senioruniversitetet inviterer til «La Bohem»

 

Også i år arrangerer Senioruniversitetet tur til Opera Nordfjord. Vi har reservert 30 billetter til «La Bohem» av Giacomo Puccini, til forestillinga 7. oktober kl. 14.00.

Påmeldinga skjer ved å betale inn kr. 495,- til Senioruniversitetet sin konto nr. 3910 33 13108. Hugs å oppgi navn ved betaling.

Frist for påmelding er 10.august.

Om det melder seg nok interesserte, vil vi leige buss til turen og reise i lag. Bussbilletten betalast på bussen, og prisen er avhengig av kor mange som vil være med på turen. Informasjon om dette vil vi sende til dei som melder seg på-

Har du lyst til dette, ikkje vent til fristen er der, men meld deg på først best. Dette kan bli ei flott oppleving i haustmørkret.

 

01/07/2018
by Postmaster Voitto
Comments Off on Nynorsk Literatur

Nynorsk Literatur

Jan Inge Sørbø har fått strålande kritikkar for storverket Nynorsk litteraturhistorie, som kom ut på Samlaget no i vår. 16. august kjem han til Ulsteinvik for å presentere boka og ta folk med på ei reise i den nynorske litteraturen. Møtet er eit samarbeid mellom Ulstein mållag, Hareid mållag og Senioruniversitetet i Ulstein.

Tid: 16. august kl. 19.00 Stad: Aktivitetshuset Vikholmen Inngangspengar: 50 kr Lett servering

Jan Inge Sørbø (f. 1954) er professor i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda.Han har skrive fleire skjønnlitterære bøker, og han har også skrive bøker om Hans Skjervheim, Olav Aukrust, Arnold Eidslott, Alfred Hauge, Ronald Fangen, Alexander Kielland, og Arne Garborg.

I Nynorsk litteraturhistorie gjev Sørbø eit heilt nytt perspektiv på norsk litteratur. Han viser korleis nynorske forfattarar både har forma dei litterære normene i periodane dei levde i – og opponert mot dei. Aasen protesterte mot nasjonalromantikken, og Vinje dreiv gjøn med bondeforteljingar og idealiseringa av bøndene. Garborgvar ein eksemplarisk naturalist, men braut deretter med denne retninga. Dei nynorske forfattarane var seint ute til høgromantikken, men til gjengjeld var dei modernistiske pionerar.

Utviklinga av det nynorske skriftspråket har sytt for at røyster og røynsler frå heile landet har fått innpass i litteraturen, og at det har vorte skrive bøker frå småbruk og fiskevær på eit språk som reflekterer mang ein lesar sin eigen måte å tenkje og snakke på.

Norli kjem til å selje boka på arrangementet, og Sørbø vil signere til dei som er interesserte i det.

24/05/2018
by Postmaster Voitto
Comments Off on Temamøte om Demokrati referat

Temamøte om Demokrati referat

 

65 personar møtte fram for å høre professor emeritus Gunnar Skirbekk sitt foredrag på Aktivitetshuset Vikholmen 8. mai. Det vart følgd opp av spørsmål frå eit engasjert publikum.

Han kalla foredraget sitt for «Føresetnader for demokrati». Men kva er så føresetnadene for demokratiet?

Statsforfatninga vår med den lovgivande, utøvande og dømmande makt, det vil seie stortinget, regjeringa og domstolane som er uavhengig av kvarandre, er ein vesentleg faktor i denne samanheng.

Ein annan føresetnad for demokrati er ein god offentleg skule. I alle demokrati er det skuleplikt.

Han peika på at som veljar i eit demokrati kan ein også sjølv bli vald. Då trengs det at ein har kunnskap. Dermed blir skulen ein av føresetnadene for demokratiet. Som statsborgarar i eit demokrati er vi medansvarlege og har plikt til å halde oss oppdaterte.

-Mange politiske vedtak får konsekvensar utanfor landegrensene og for dei som ikkje er med på å bestemme, som framtidige generasjonar. Difor er det viktig at politikarane forstår kva dei vedtek. Her er det mange utfordringar, sa han mellom anna og viste til bioteknologilova, finanslover og militæralliansar. Med andre ord er sakene meir komplisert enn i 1814.

Eit anna viktig moment for å få demokratiet til å fungere, er å prøve ut argumenta sine i det offentlege rom og i møte med ulike standpunkt, med andre ord ytringsfridom. I denne samanheng meinte han ein må lære seg å lytte til andre.

Skirbekk kom også inn på «Den norske modellen» der historiske læringsprosessar har vore viktige.

Her viste han mellom anna til Hauge-rørsla, avhaldsrørsla og Saniteten. Folk organiserte seg og utvikla institusjonar som la grunnlaget for velferdsstaten.

I forklaringa på korleis Norge skilde seg frå mange andre land, gjekk han tilbake til tida med embetsmenn. Sidan vi ikkje hadde adel her i landet, fekk embetsmennene arbeid i kraft av kva dei kunne.

Skirbekk kom også inn på våre nye landsmenn. Mange av dei har med seg ein kulturell identitet som er knytt til klanen frå heimlandet. Skal desse finne seg til rette i eit demokrati som det norske samfunnet er, må dei avkodast denne klan-identiteten.

Slik han såg det, er økologisk ubalanse, sosio-økonomiske skilnader og global kapitalisme blant utfordringane i dag. Han den globale kapitalismen på sikt vil føre til at den norske modellen står under press. Og det kritiske er at dette ikkje blir diskutert.

-Vi må ha ein internasjonal handel. Spørsmålet er i kva stor grad vi er avhengig av ein stat og å ha grenser. Systemet vi har i dag er ikkje berekraftig, meinte Gunnar Skirbekk.

 

22/03/2018
by Postmaster Voitto
Comments Off on Triveleg tur i austerled med Ivar Mork

Triveleg tur i austerled med Ivar Mork

Med Ivar Mork i austerled

Ivar Mork hadde med seg eit reisefølgje på 45 då han sist fredag vitja Senioruniversitetet i Ulstein Aktivitetshuset Vikholmen for å fortelje om reisene sine utanfor allfarveg. Det vart ei triveleg reise der ein fekk kjennskap til både historia og kulturen i landa.

Første stopp var i Kaukasus. Han fortalde levande om Georgia og Armenia, og om folk han møtte desse stadene. Han minte også om dei største heltane i Armenia; Fridtjof Nansen og misjonær Bodil Bjørn.

Reisa gjekk vidare til Iran der han starta med å fortelje om då sjah Muhammed Reza Pahlavi som han karakteriserte som ein bortskjemt gutunge, og gjekk over til å fortelje om korleis landet vart då presteskapet tok over. Han fortalte at her var mange som var universitetsutdanna, og fleirtalet var kvinner. Men det var svært vanskeleg å få seg eit arbeid. Dei må velje anten karriere eller ekteskap. Og med presteskapet var ekteskapsalderen sett ned til 9 år.

I møte med innbyggjarane fekk han høyre at det var dei rike tente på sanksjonane som landet var utsett for, medan dei fattige leid. «Fortel vesten at det er slik», sa ein til han.

Vegen vidare gjekk til Kambodsja og Laos. Kambodsja meinte seg å vere eit liberalistisk demokrati, men Mork hevda det var eit fullstendig lovlaust land. Då var det betre i Laos, som var eit kommunistisk diktatur, men velstanden likna mykje på slik det ein såg i Skandinavia. Han kunne o elles opplyse at her budde 43 forskjellige minoritetar.

Mork avslutta reisa si i Nord-Korea. Her demonstrerte han på beste vis korleis dei måtte oppføre seg når dei vitja museum og andre stader som Kim-ane hadde vore. Turistar var velkomne, men dei vart passa på, fekk ikkje gå der dei ville og heller ikkje fotografere det dei ønskte.

Mange av ungdomane i desse landa hadde teke seg utdanning og såleis lært seg engelsk. Det vart deira kapital, hevda Mork. Med engelskkunnskap kunne dei få seg arbeid spesielt innan service og reiseliv.

Han kom med mange gode råd for slike reiser.

-Jo meir avsidesliggande strok ein reiser til, jo viktigare er det å setje seg inn i tilhøva der ein skal. Han råda til å ha ein kopi av passet sitt, og ha med dopapir.

-Det fins ikkje aust for Bosprosstredet.

Men farleg såg han ikkje at det var å reise slik. Jo mindre plassen er, jo betre tek dei vare på deg, hevda han.

-Kulturen på landsbygda er den same anten du er i Haddal eller i Oman. Og det er ikkje nokon stad eg kjenner meg så trygg som i muslimske land. Men det viktigaste er å ha respekt for skikkane i det landet du kjem til, og å oppføre seg høfleg.

17/01/2018
by Postmaster Voitto
Comments Off on 2018 Temalista

2018 Temalista

Senioruniversitetet i Ulstein

ÅRSMØTE

22. februar på Aktivitetshuset Vikholmen kl 19.00.
Program:
Møte med redaktør i lokalavisa, Linda Eikrem.
Musikk ved Viona Shera, vinner av Sparebank 1
sitt talentstipend under Sunnmøre
kammermusikkfestival i 2016.
Enkel servering. Loddsal.

Temamøte Aktivitetshuset Vikholmen 2018

16. mars Utanfor alfarveg
ved Ivar Mork

8.mai Føresetnader for demokrati
ved Gunnar Skirbekk

27. september Oppvekst
Tema for Forskingsdagane,
ved Høgskulen i Volda

25.oktober Likskap og skilnader mellom Hareid og Ulstein
ved Marit Kvammen

Opera Nordfjord

Søndag 7. oktober kl 14.00
La Boheme av Giacomo Puccini
kr. 495,- + reise.

14/11/2017
by Postmaster Voitto
Comments Off on Julemøte 2017

Julemøte 2017

Julemøte med Knut Arne Høyvik

Senioruniversitetet inviterer til julemøte på Frivilligsentralen, Skollebakken, i Ulsteinvik 30.november kl. 19.00.
I år har vi fått Knut Arne Høyvik til å underhalde oss med temaet «Humor og læring livet ut». Slik vi kjenner han frå kommentarene i Regionavisa, kan dette bli både alvor og skjemt.
Det blir servert koltbord. Pris kr. 330,- med betaling ved inngangen.
Som du ser har vi endra på tradisjonen både når det gjeld stad og mat sidan det ifjor var så få påmelde til julemøtet at vi måtte avlyse. Vi vonar difor at dette kan vere av interesse, og at vi får ei triveleg stund i lag.
Vi ber om påmelding innan 23.11 til iihar@online.no eller til tlf 95707313.

Helsing styret i Senioruniversitetet i Ulstein

21/10/2017
by Postmaster Voitto
Comments Off on Midtausten ei hengemyr?

Midtausten ei hengemyr?

Midtausten – ei hengemyr?

Torsdag 26. oktober kjem utanrikskommentator i VG, Per Olav Ødegård, til Senioruniversitetet i Ulstein med eit svært aktuelt tema. Møtet vert halde i amfiet på Sunnmøre Folkehøgskule i Varleite.

Journalist Ødegård vil ta føre seg korleis samanbrotet i Syria og Irak involverer heile regionen, og at den også i høg grad påverkar oss. Han vil også snakke om korleis krigar og konfliktar rammar minoritetane i Midtausten, ikkje minst dei kristne. Det er 100 år siden sigerherrene i første verdskrig, Frankrike og Storbritannia, delte Midtausten mellom seg og teikna grensene som no kan stå for fall.
Ødegård har sidan slutten av 1980-åra reist til Midtausten som journalist. Han har mellom anna dekka konflikten mellom israelarane og palestinarane. Han har vore tilstades i Irak før og etter den amerikansk-leia invasjonen i 2003, i Syria under Bashar al.Assad og den arabiske våren. I tillegg har han laga reportasjar frå Iran og gulf-landa. Med andre ord; eit svært så dagsaktuelt tema frå eit område som har prega nyheitene i fleire år.
Ødegård har også vore VG sin korrespondent i USA frå 1999-2002. I dag arbeider han ved leiar- og kommentaravdelinga i avisa.

04/10/2017
by Postmaster Voitto
Comments Off on Temamøte….Midtausten i krise

Temamøte….Midtausten i krise

Torsdag 26. november kl. 19.00. Foredrag av utanrikskommentator i VG, Per Olav Ødegård. Møtet vert halde i amfiet på Sunnmøre Folkehøgskule i Varleite.

24/09/2017
by Postmaster Voitto
Comments Off on Temamøte….Den nye nabokjerring

Temamøte….Den nye nabokjerring

Den nye nabokjerringa

Senioruniversitetet opnar hausten med temamøte på dagtid torsdag 28. september kl. 13.00 på Den Gamle Nabo i Ulsteinvik. Tidlegare journalist Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, no dekan ved Høgskulen i Volda, tek føre seg sosiale medier.

Ho meiner praten over hagegjerdet er flytta til Facebook.

– Aldri før har nordmenn brukt meir tid på Internett og sosiale media – og Facebook er større enn Dagsrevyen. 3, 3 millionar nordmenn har Facebook-profil. Seniorane har omfamna dei nye, digitale møteplassane og er ei sterkt veksande gruppe på sosiale medier. Enkelte hevdar at Facebook er det nye «vi over 60», meiner dekan ved avdeling for mediefag.

Ho reiser mange spørsmål. Kva er eigentleg sosiale medier og kva skal vi med det? Kva er skilnaden på sosiale og tradisjonelle medier? Kva slags ansvar har du når du publiserer på Facebook? Korleis bør ein bruke dette verktøyet til meir enn tanketomt tidsfordriv?

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn har forska på Facebook, og vil gje eit matnyttig foredrag særleg retta mot dei som ønskjer å lære meir om sosiale medier.

Ho har ein allsidig bakgrunn innan media frå ho utdanna seg ved Høgskulen i Volda via NRK som programleiar, til ho i 2016 vart dekan. Rotevatn har fått fleire prisar og utmerkingar for sitt journalistiske arbeid, samt for sin konsekvente bruk av nynorsk, noko som ho i 2004 fekk Kringkastingsprisen for.

Senioruniversitetet prøver seg denne gong på noko nytt – eit møte på dagtid der ein etter foredraget kan sette seg til rette i kafeen på Den Gamle Nabo på Geileneset i Ulsteinvik og kjøpe seg mat og kaffi.

Vel møtt.

26/05/2017
by Postmaster Voitto
Comments Off on 14.10.2017 OPERATUR TIL NORDFJORD

14.10.2017 OPERATUR TIL NORDFJORD

Invitasjon til Opera Nordfjord.

Senioruniversitetet har også i år reservert 30 billetter til opera Nordfjord.
Laurdag 14.10 kl. 17.00. Pris kr. 495,-.
Framsyninga varer i omlag 3 timar inklusiv pause.
Påmeldingsfrist 20. august.

I år er det ein heilt spesiell opera som vert sett opp ved Opera Nordfjord. «Sildagapet» skildrar det yrande folkelivet i Måløy å midten av 1950-talet då det eventyrlige sildefisket dobla folketalet i kystbyen. Her møter ein mellom anna brykkjete notbasar, Frelsesarmeen, snurpedans i Turnhallen, kjærleik og sjalusi.
Dette er eit tingingsverk frå Opera Nordfjord, og skrive av Jostein Avdem Fretland og Helge Sunde. Vi får høyre mellom anna Helga Botn, Magne Fremmerlid, Eivind Kandal og Martha Standal Pavelich.

Veit du om du vil ta del, er det berre å betale inn på Senioruniversitetet sin
konto nr. 3910.33.13108, og vi registrerer deg som påmeldt.

Vi håper her er interesse slik at vi slepp avbestille.
Senioruniversitetet ordnar med transport, og billettprisen kjem i tillegg.

Helsing
Inga Ishild Hareide
leiar Senioruniversitetet i Ulstein

04/05/2017
by Postmaster Voitto
Comments Off on Referatet Einar Lunde

Referatet Einar Lunde

Made in China

Det var eit skremmande bilete tidlegare Afrika-korrespondent Einar Lunde teikna av Afrika under senioruniversitetet sitt temamøte på Sunnmøre Folkehøgskule 27 april. Omgrepet som gjekk igjen gjennom heile foredraget, var «Made in China».

Slik stoda er utanriks, hevda han innleiingsvis, blir det teikna eit nytt kart i Austen og i Afrika, noko han meinte ville få enorme konsekvensar for Europa og dermed for Norge. Han hevda også at det berre er eit spørsmål om tid for Kina å bli den største økonomiske makta i verda.

Lunde gikk tilbake til Livingstone som ba den engelske dronninga kolonialisere Afrika for å redde innbyggjarane i Afrika, men det gikk ikkje slik at hadde tenkt. Så kom Norad og U-hjelpa inn i biletet, noko som resulterte i ei viss betring.

Men frå år 2000 skjedde det endringar, og lokomotivet var Kina. Kina trong mellom anna mineral, og landet satsa milliardar på infrastruktur, Dei bygde vegar, jernbane, kaianlegg og bygg, noko som skapte arbeidsplassar og utvikling. Men det hadde ei bakside. Utstyret som afrikanarane skulle bruke, hadde brukstilvising på kinesisk. Det førte til at mange reiste til Kina for å lære seg språket, men samstundes lærde dei om det kinesiske styresettet.

Sjølv om Kina har eit prinsipp om at dei ikkje skal ha oversjøiske militærbasar, inngjekk dei i 2015

ei hemmeleg avtale om oppretting av militærbase i Djibouti. Eide såg på staden som eit nøkkelpunkt på kloten, ein strategisk stad for å overvaking. På same måte såg han på den nye silkevegen som Kina held på å utgreie, noko som opnar for innverknad og kontroll over dei områda.

Deira andre prinsipp er at dei ikkje skal blande seg inn i måten eit land vert styrt på, difor bryr kinesarane seg ikkje om at dei støttar ein diktator. Han kunne også opplyse at ein del afrikanske leiarar vart støtta økonomisk av Kina, noko som kan gjere det vanskeleg å få bukt med korrupsjonen i dei landa det gjeld.

I det heile; eit informativt og interessant møte for ei forsamling på 95 personar.

I.I.H.