10-års attersyn

På årsmøtet i Senioruniversitetet i Ulstein den 28. januar 2015, markerte vi også at det er 10 år sidan starten. I det høve hadde Ingeborg Hofseth og Ruth Torgersen forfatta eit interessant 10-års attersyn som vi gjengir her:

Senioruniversitetet i Ulstein frå 2004 til 2014
Korleis kom arbeidet i gang

Ingeborg Hofseth tok kontakt med Bodil Saunes og Paula Urke og spurde om dei var villige til å vere med på å starte ei pensjonistgruppe og seie noko om korleis ei slik gruppe eventuelt skulle drivast.
Det vi vart fort einige om, var at vi vi ville prøve å satse på noko som kunne aktivisere folk, ikkje eit lag der medlemanane berre vart passive deltakarar.

I bladet ”Vi over 60” hadde det nettopp stått ein artikkel om U3A – Universitetet for den tredje alder. Dette tykte vi såg svært interessant ut, og Paula Urke tok kontakt med Pensjonistuniversitetet i Ålesund v/Sjur Brande.
Han inviterte oss til å delta på årsmøtet deira som skulle vere den 18. mars 2004.
Bodil Saunes og Ingeborg Hofseth reiste og vart svært godt tekne imot. Vi vart begeistra for det vi såg og høyrde, og ikkje minst for den interesse og velvilje som vart vist oss. Sjur Brande sa seg villig til å kome utover og hjelpe oss dersom det blei aktuelt å starte opp her.
Bodil tok kontakt med Aase Ulla som var leiar for den nystarta Frivilligsentralen i Ulstein. Ho vart svært interessert og kunne tenkje seg at noko slikt kunne vere i tråd med dei retningslinjene som Frivilligsentralen skulle drive etter. Det vart innkalla til møte med styreleiar for Frivilligsentralen, ein representant for Kulturkontoret og personar i nærmiljøet som vi trudde kunne ha interesse av at noko slikt kunne kome i gang. Velviljen og interessa var stor, men ein del var usikre på om vi kom til å greie å få nok folk til å stille opp og om vi kom til å konkurrere med allreie eksisterande foreningar.
I august tok vi kontakt med Sjur Brande igjen og han kom torsdag den 16. september og hadde eit innlegg om korleis dei driv pensjonistuniversitetet i Ålesund.
Innlegget vekte stor interesse.
Han oppmoda oss om å starte eit interimstyre.
Vi kontakta Vikebladet/Vestposten og Inga Ishild Hareide skreiv om kva planer vi hadde og annonserte eit møte på Frivilligsentralen den 10. november der vi oppmoda interesserte å møte.
Vi var svært spent på om nokon ville koma og vart gledeleg overraska då ca. 30 personar møtte.
Sjur Brande informerte dei frammøtte på ein engasjerande og interessant måte.
Etter råd frå Sjur Brande tok vi kontakt med Folkeuniversitetet i Ålesund. Ragnar Johansen og Frida Hatlø møtte oss og informerte om fordelar ved å vere formelt tilknytt Folkeuniversitetet.
Fordelar som:
For eksempel å støtte opp om livslang læring i tråd med intensjonen i lov om voksenopplæring . Dette betydde blant anna at vi skulle få godtgjersle for studieringane ved å registrere frammøte og skulle då få utbetalt godgjersle i forhold til aktiviteten. Denne godtgjersla vart etter kvart sterkt redusert, og frå 2011 var det slutt med godtgjersle etter kor stor aktiviteten var, men vi fekk ein avtale om kr. 4000 pr år.

Stiftingsmøte den 26. januar 2005
I forkant av dette møtet hadde Andreas Ringstad fått i oppdrag å studere vedtektene til Pensjonistuniversitetet i Ålesund og ut i frå det sette han opp eit forslag som kunne passe for oss.
Vedtektene skal eg kome tilbake til.

Den 26. januar 2005 vart Senioruniversitetet i Ulstein stifta.

Ingeborg Hofseth vart valgt til leiar.
Etter at styret seinare hadde konstituert seg vart:
Gurid Saunes nestleiar.
Andreas Ringstad kasserar.
Ruth Torgersen sekretær
Paula Urke styremedlem
Ragnar Johansen, Folkeuniversitetet sin representant i styret.
Varamedlemer:
Karen Randi Festøy.
Leiv Havåg.
Valgkomite:
Eli Vik.
Oddveig Ertesvåg.
Leiar er valgt for 1 år. Resten av styret for 2 år.

Vedtektene vart gjennomgått og godkjende.

Kontingent: Kontingenten vart sett til kr. 200.00 pr. år og er det same framleis.

Aktivitetsplan vart lest opp og godkjent.

Vedtektene:
Formål: Senioruniversitet i Ulstein har til formål å gi pensjonistar og andre over 55 år høve til å studere emner dei er interesserte i.
Senioruniversitetet skal vere eit forum for utveksling av kunnskap og for kontakt mellom menneske.

Organisasjon
Senioruniversitet i Ulstein vart formelt tilknytt Folkeuniversitetet i Ålesund. Dette vart nokre år seinare endra til Folkeuniversitetet Midt Norge .
No er vi registrerte i Brønnøysundregisteret med eige organisasjonsnummer og har eigen bankkonto i Sparebanken Møre .

Medlemsskap
Alle interesserte over 55 år kan verte medlemmer.
Det som var vanlig var 60 år, men då aldersgrensa skulle godkjennast, tok Ruth Torgersen ordet og spurde om det var mulig å setje aldersgrensa til 55 år. Då kunne ho også få høve til å vere med. Burde vere eit føredøme for dei som føler seg for unge til å vere med sjølv langt opp i 70-åra.
På stiftingsmøtet teikna ca. 30 personar seg som medlemar og vi var kjempefornøgde.
I dag har vi ca. 150.

Etter at årsmøtet var avvikla, kåserte Leiv Havåg om Litteratur. Han vart dermed den første kåsøren i Senioruniversitetet si historie. I tillegg sa han seg villig til å leie ei litteraturgruppe. Kjempebra.
Ordførar Hannelore Måseide bad om ordet og ynskte lukke til med det nystarta senioruniversitetet. Ho overrekte kommunen sin vimpel til leiar.

Temamøter:
Etter aktivitetsplanen som vart godkjend på stiftingsmøtet skulle vi gjennomføre 2 temamøter første halvår og 2 andre halvår.
Vi har hatt mange interessante og gode temakveldar desse 10 åra både av lokale aktørar og av meir langveisfarande. Å få tak i gode krefter var målet vårt.
Den første tida var det den delen som var den verste for meg. Eg grudde meg for å ta kontakt. Ein av grunnane var at vi hadde dårleg økonomi og kunne derfor ikkje lokke med store honorar. Men det var berre å prøve. Eg kunne ikkje få noko verre enn nei. Overraskelsen var stor over all den velviljen eg møtte. Vi baud oss til å betale reise og opphald og kr. 2000 i honorar og kjende personar som eg trudde brukte å få feite honorar, takka ja og kom.
Eg har sett litt på kva vi har vore innom og prøvt å samle kåseria etter tema.

Litteratur
Leiv Havåg fortalde om Jacob Sande og las dikt.
Leiv Havåg kåserte om Henrik Wergeland.
Jan Inge Sørbø – Alexander Kielland, ein sørgmodig humorist.

Ei stor gruppe som vi føler passer inn under temaet

Livet som pensjonist
Sparebanken Møre – Arv og skifte.
Torgeir Mjøen i lag med Ivar Brevik – presenterte plan for seniorbustader på Kvileheimstomta.
Pasientombod Astrid Mollan – Pasientrettar.
Jorunn Sundgot Borgen – ”La fysisk aktivitet og kosthald bidra til økt livskvalitet” (Dette møtet var i samarbeid med Saniteten)
Ola Jonsmoen – ”Det er ingen grense for livskvalitet”
Astrid Nøkleby Heiberg – ”Endring og undring”
Brita Blomquist – ”Det gode liv for meg og kanskje deg”
Marit Botnen – ”Korleis ynskjer vi å leve og bo i framtida”
Håvard Heggdal – ”Helse og livskvalitet i eldre år.”
Åshild Ulstrup har vore her to ganger.
Den første gangen presenterte ho boka si ”100 pluss” Intervju med personar rundt 100 år.
Det andre tema var ”Årene er der, andre blir gamle, men jeg er den samme”.

Åshild var ein av dei første kåsørane vi hadde og økonomien var dårleg. Vi tok inngangspengar, men fekk ikkje inn nok pengar til å betale henne. Då var gode råd dyre, heile styret skrangla så vi fekk nok.
Då eg mange år seinare tok kontakt med henne igjen og spurde om ho ville kome ein gang til, hugsa ho heile seansen og ville gjerne kome. Ei utruleg flott dame.

Krigshistorie
Aksel Hauge – ”Siste verdenskrig sett i Ulstein-perspektiv”.
Roald Sporstøyl med Kjartan og Kåre Oksavik som sannhetsvitner – ”Radiostasjonen Frey”
Gunnar Myklebust – ”Joakim Rønneberg og hans medvirkning i motstandsarbeidet under 2. verdenskrig”
Thomas Wyller – ”Motstandsarbeid på Grini”.

Astronomi
Erik Tandberg – ”Astronomi og romfart”.

Utenrikspolitikk
Bjørn Hansen – ”Eit år med Obama”.
Jahn Otto Johansen – ”Tyskland – Europas håp og Norges beste venn”.
Gunnar Myklebust – ”Mellomvalget i USA”.
Per Egil Hegge – ”Kva vil president Putin bruke vinter-Ol til?”

Lokalhistorie
Roald Sporstøl – ”Båten og Folket”.
Roald Sporstøl – ”Dei gamle handelshusa – spesielt gamle Kjellsund”.
Torbjørn Maaseide – ”Turstiar i nærområdet”.
Rune Garen – ”Nytenking i Maritim Industri”.
Gunvor Ulstein – ”Hafast”.

Andre svært interessante temakveldar var også:
Gunnar Stålsett – ”Toleranse i en flerkulturell verden”. I samarbeid med Folkehøgskulen.
Arne Johansen frå Politiforbundet – ”Kriminalitet og rusforbygging i eit samfunnsperspektiv”.
Rasmus Sunde – ”Utvandringa til Amerika”.
Harald Kjølås – ”Pressen si makt”.
Jan Ove Ulstein – ”Ei kyrkje for alle”.
Pål Espolin Johnsen – ”Levd liv”.
Unn Røyneland – ”Dialekt i endring”.
Hallvard Holm – ”Svalbard – historie og historier.
Bjørn Ramberg – ”Har dyr sjel?”
Benedikte Ingstad – ”Historier om foreldra, Helge og Anne Stine Ingstad”.
Maria Parr – Las og fortalde historier frå bøkene sine.

Julemøte for medlemar med fylgje
Kvar år har vi invitert medlemar med fylgje til ein enkel fest i slutten av november. Vi har hatt god mat og underhaldning.

Desse har underholdt oss:
Olga Støylen Runde – ”Barndomsminner frå Kvamsøya”.Musikk av elevar frå Kulturskulen.
Leiv Havåg – kåserte om og las dikt av Jakob Sande. Ann Kristin Barstad spelte.
Katalin Aleksandra Varadi underheldt med eksotisk dans og Solfrid Røyneland las ”Førstegangsgamal”.
Fru Brus frå Kvalsvika underholdt med sang.
Oddgeir Bruaset fortalde historier om julesangane. Vi sang og Robert Skeide spelte piano til.
Harald Grytten med krakken fortalde historier frå Ålesund og omegn.
Eldrid og Leidulf Grimstad framførte eit Nord Norsk program med sang og historier.
Guri Åsen underholdt med julefortellinger i advent.
Sokneprest Margit Holte snakka om juletradisjonar?????
John Osnes – intervjua tidlegare veterinær i Ulstein, Gunnar Eide.

Ein annan aktivitet vi har hatt er
Operatur til Nordfjordeid
Styret i Senioruniversitetet tok initiativ til operatur til Nordfjordeid for dei av medlemane med fylgje som var interesserte. Vi tinga billettar og buss. Interessa var stor og kvar gang var det ca. 50 personar som vart med.
Forestillingane var flotte og tilbakemeldingane posetive. Ein del arbeid å organisere, men likevel kjekt.
Vi har sett:
Carmen i 2009.
Tryllefløyten i 2011
Madam Butterfly i 2012.
Dette er eit tiltak som dessverre ikkje har blitt noko av dei siste åra. Eg har fått mange spørsmål om det blir ny tur snart, så interessa er der. Mange har lyst, men har ikkje bil, har bil, men har problem med å køyre i mørkret eller har ikkje sertifikat.
Eg oppmodar styret om å vurdere dette tiltaket på nytt.

Så vil eg nemne at vi har laga ein foldar med opplysning om Senioruniversitetet som organisasjon og opplysning om temakveldar som er i vente og med opplysningar om studieringane. Denne foldaren er no under oppdatering og vil bli lagt ut på bnl.a. Frivilligsentralen, Rådhuset, Biblioteket.

Vi har no også fått eiga nettside som alle kan gå inn på og finne opplysningar.
Adr. Er : www.senioruni-ulstein.no

Årsmøta
Kvart år har det vore vanleg med underhaldning etter at årsmøtesakene er ferdig.
På stiftelsesmøte (som eg reknar som det første årsmøtet) underheldt Leiv Havåg med temaet Litteratur.
Odd Goksøyr – sang sangar av Leonard Coen som han hadde oversett til nynorsk.
Jakob Strand fortalde frå då han var skårunge på sildefiske.
Øyvind Grimstad Gryt heldt foredrag om trelastnæringa på Sunnmøre på 1600 talet.
Marie Lovise Vidnes Johansen fortalde barndomsminner og sang viser.
Ruth Torgersen underheldt med opplesing av Nord Norsk litteratur.
Andreas Ringstad og Ingeborg Hofseth viste bilder og fortalde frå ein ferietur i Iran.
Arne Kvalvik fortalde frå ein sykkeltur til Marokko.
I fjor var det Frid og Glede som underheldt med sang.

Aktivitetar som hart gått heile året.

Studiegruppene
Dei første studiegruppene som vart starta var:
Matematikk – leiar Ola Cristoffersen og Jostein Vik. (Den er no nedlagt).
Data-gruppe – leiar Svein Bjørnerem og seinare kom også Sverre Sylte til. Dei har no 2 grupper.
Litteraturgruppe 1 – leiar Leiv Havåg.(Dessverre nedlagt).
Kort tid etter:
Litteraturgruppe 2 – leiar Gunder Runde.
Litteragruppe 3 – leiar Inga Ishild Hareide.
Litteraturgruppe 4 – Rita Lill Myklebust – seinare Ingebjørg Ulstein. (Nedlagt)
Engelskgruppe – leiar Knut Andersen, då han vart sjuk, overtok Hilde Petra Brungot og seinare Rigmor Rødset.
Foto – Olav Hjertenes. (Den er no nedlagt).
Gourmetmat – leiar Arne Teigene. (dessverre nedlagt då han flytta frå bygda).
Kunstgruppe – leiar Guri Alme.
Spansk – leiar Alf Igesund, seinare overtok Johannes Aklestad.
Lese og samtalegruppe i bibelkunnskap – leiar Leiv Havåg.
Tysk – leiar Bjarne Wennevold.

Vi vil takke leiarane for den fantastiske innsatsen dei gjer, og det mest fantastiske er at dei gjer det gratis. Eg meiner at det er studiegruppene som er ”limet” i senioruniversitetet. Det er dei som gjer at medlemstalet stadig går oppover. Det viktigaste i vår alder er at vi har aktivitetar å gå til, vi får lære noko nytt (veldig viktig for hjerneaktiviteten) og ikkje minst det gode sosiale samholdet.

Utan eit styre og utan at folk var villige til å gjere ein innsats, hadde det ikkje blitt noko Senioruniversitet.
Eg vil nytte høve til å takke desse for den innsatsen dei har gjort. Det blir ofte fokusert på leiaren når ting går bra, men det vil eg seie at utan desse gode medarbeidarane hadde ikkje senioruniversitetet vore der det er i dag. Alle var positive og villig tok dei på seg oppdrag som dei vart pålagde og gjennomførde dei på ein posetiv måte. Tusen takk alle saman.

Ingeborg Hofseth, leiar i 7 år.
Solfrid Røyneland, leiar i 2 år.
Inga Ishild Hareide, konstituert leiar i 1 år.
Andreas Ringstad, kasserar i 9 år.
Marianne Helseth, kasserar 1 år, skrivar i 3 år.
Ruth Torgersen, skrivar i 7 år. ??
Gurid Saunes, nestleiar i 6 år.
Magny Krumsvik, nestleiar 4 år.
Paula Urke, Aud Ulstein, Jan Madsen og Jostein Osnes har vore styremedlemar.
Guri Alme, Svein Bjørnerem, Karen Randi Festøy, Leiv Havåg , Ingebjørg Ulstein og Ingeborg Hofseth har vore aktive varamedlemar og innkalla til alle styremøte.
Revisor: Ragnhild Overvåg og deretter Gunder Runde.
Valnemnd: Eli Rake Vik, Oddveig Ertesvåg, Leiv Havåg, Jostein Hatlø, Lise Årdal, Marit Haddal, Åse Ulla, Magny Krumsvik, Liv Grete Haddal, Bergny Hatlø og Ruth Torgersen.

Å ha eit aktivt Senioruniversitetet i bygda er viktig for folk i vår alder, og vi takkar alle som har vore og framleis er med og brukar av tida si til å halde denne viktige aktiviteten i gang. Tusen takk til alle.
Vi ynskjer styret lukke til vidare i arbeidet med å drive senioruniversitetet til glede og nytte for oss over 55. Eg vil oppmode dei som ikkje har meldt seg som medlemar å gjere det. Sjå på Ruth. Ho var den som fekk aldersgrensa sett til 55 fordi ho hadde så lyst å bli medlem. Du blir ikkje eldre fordi du er medlem i eit pensjonistlag. Der er du i lag med venner og bekjente som er på same alder som deg sjølv, og det kan då ikkje vere så farlig?

Ingeborg Hofseth
Ruth Torgersen

.