27.April: kl.1900,, SUFH på Varleitet,, Einar Lunde ØKONOMISK VEKST I AFRIKA

Einar Lunde – førehandsmelding

Einar Lunde

ØKONOMISK VEKST I AFRIKA – KINA EN NY KOLONIMAKT?

Dagsrevyens tidlegare ankermann og Afrika-korrespondent, Einar Lunde, vitjar Senioruniversitetet i Ulsteinvik komande torsdag med eit spennande foredrag om Kina si rolle i dagens Afrika, og stiller spørsmålet om Kina er i ferd med å bli ei ny kolonimakt.

-Den raskaste økonomiske veksten i verda er ikkje i Kina, India, Brasil eller USA, hevdar Einar Lunde.

-Tro det eller ei! Den er i svarte Afrika. Og det utan at dei fleste av oss har visst noko om det. Og kanskje det mest pirrande – Kina er sjølve lokomotivet i denne økonomiske veksten, fortel han.

Han opplyser at Kina pøser inn hundrevis av milliardar i Afrika, og kinesarane bryr seg ikkje om dei støtter ein forferdeleg diktator som bryt menneskerettane i fleng, eller dei investerer i land som utviklar demokrati og er eit meir ope samfunn.

-Så, kva er Kinas hensiktar? Er Kina i ferd med å bli ein ny kolonimakt?

Lunde har besøkt Afrika rundt 100 gangar og reiser opptil fire- fem gangar årleg til det store kontinentet. Han skulle såleis ha god kjennskap til endringane i Afrika.

Han held regelmessig førelesingar om sine opplevingar som tidsvitne under Apartheid. Han er

reiseleiar i Sør-Afrika og Tanzania-Zanzibar for Temareiser Fredrikstad, og har skrive to tidlause bøker om sine opplevingar som er komme ut i til saman 20 opplag.

Møtet er ope for alle interesserte, og vert halde på Sunnmøre Folkehøgskule på Varleitet.