Temakveldar

I dei åra Senioruniversitetet har vore i drift, har vi hatt vitjing frå foredragshaldarar frå nærmiljøet så vel som rikskjendisar. Fleire av desse har samla godt med folk.

Før temakvelden kjem gjerne ein omtale i lokalavisa med presentasjon av foredragshaldarar og temaet han/ho tek opp. I tillegg er det ein annonse nokre dagar før temakvelden. Det vert også sendt påminning til alle medlemmane pr. e-post, og du kan lese om foredraget på heimesida vår.

Vi tek sikte på å halde minst 4 temakveldar for året, 2 om våren og 2 om hausten. I tillegg kjem årsmøte i februar, og julemøte som regel i slutten av november.

For å finne tema som kan interessere folk flest, er vi svært opne for tips frå medlemmane om forslag på foredragshaldarar. Då vil vi gjere det vi kan for å kome slike ynskje i møte.