Bunad som identitetsmarkør

akmoe

Referat frå temakveld 21. april

Som utgangspunkt for dagens bunader gjekk direktør på Nordfjord Museene, Anne Kristin Moe (bildet), tilbake til folkedraktene på Sunnmøre under sitt foredrag på Senioruniversitetet sitt temamøte 21. april.

Ho fortalde at bygdene rundt om hadde sine lokale særpreg for folkedraktene. Kvar bygd nytta den same fasongen anten det var til kvardags-, helg- eller kyrkjeklede.

Ho viste til at på Sunnmøre var det to draktskikkar, ein på ytre og søre og ein i indre og nordre, til dømes måten dei sydde hua og livet på.
Ut frå kva dei har funne av gamle forkle og andre plagg i tillegg til foto, har dei så bygd opp dei nye bunadene.

Då Norge skulle bygge seg opp som eigen nasjon, vaks dei nasjonalromantiske trekka fram, i musikk, eventyr, språk og billetkunst. I sistnemnte vart «Brudeferda i Hardanger» eit symbol. Her sat jentene i Hardagerbunad. Det førte til at det var denne bunaden som i første rekke spreidde seg ut over landet,også til Sunnmøre. I den tida vi var under Sverige vart bruk av bunad sett på som svært radikalt, ein politisk markør. Også borgarskapet fatta interesse for bondestanden sine klede, fordi dei vart oppfatta som upåverka av utanlandsk mote.

Etter kvart vaks det fram eit ønske om å ha eigen stadbunden bunad. Hulda Garborg oppmoda folk til å bruke drakter frå sin stad. Sjølv møtte ho sunnmørsbunaden for første gong under ein målmarknad i Bergen i 1907. Men først i 1920 engasjerte Husfliden seg i bunader, og etter kritikk frå Klara Semb vart det sett ned ei bunadsnemnd.

På Søre hadde ein rundt århundreskiftet ingen tradisjon med heile broderte drakter. Moe trudde det skreiv seg frå at ein på ytre hadde stor samhandel med omverda og difor var glad i kjøpety. Søre Sunnmøre-bunaden kom i 1926. Her tok dei opp mønsteret frå eit forkle og vov livet i damask. Alt skulle vere norsk handverkstradisjon.
Ørskogsbunaden basert på ei forkle, kom i 1927, og rosemønsteret frå forkleet vart ført over til broderi.

I dag er her 10 kvinnebunader frå Sunnmøre.

Inga Ishild Hareide