Ekeland


Ta autoriteten attende

-Ein treng reorganisere familien og fellesskapet. Foreldremandatet til å seie nei er i ferd med å gå i oppløysing. Dei må ta attende autoriteten som ligg i foreldrerolla.

Det meinte professor og sosialpsykolog Tor-Johan Ekeland blant anna under Senioruniversitetet i Ulstein sitt temamøte, som var i samarbeid med Høgskulen i Volda i høve Forskingsdagane.
I ei undersøking i år svara 29 prosent av ungdomane at dei hadde psykiske problem, ei solid auke i forhold til tidlegare undersøkingar. Dette tykte han samstemte ikkje med at Norge vart kåra til verdas beste land å bu i.
Ekeland såg også ei auke i talet på ungdomar som slit med stressrelaterte problem.
-Årsaka ligg i at dei kjenner seg aldri bra nok. Dei blir sliten, har lange skoledagar, må trene og sjå bra ut, sa sosialpsykologen som har studert ungdom med psykiske problem.
-Dei roper på meir fridom, meir fellesskap. Men er dei for mykje opptekne av begge delar, aukar den personlege lidinga parallelt med det idealiserte. Å ta del i fellesskapet er å gi opp noko av fridomen, meinte han i foredraget sitt som hadde tittelen «Mellom individualisme og fellesskap – dilemma i moderne oppvekst».
Han såg eit paradoks i det at her er ei auke i personlege lidingar samstundes som individet vil fri seg frå familie, tradisjonar og lokalsamfunnet. Dei vil ha fridom til å kunne realisere seg sjølv.
Men korleis skulle ein forstå det? Han siterte Aristoteles som sa at utan andre menneske blir mennesket eit monster. Som forklaringsmodell teikna han det han kalla den vertikale orden, der eg, du/den andre og den tredje part spelar ei viktig rolle. Oppvekst skjer i ei kulturell ramme.
-Krav og kompetanse har endra seg på få tiår. Her er større krav til kognitiv kompetanse, og etter kvart den sosiale og kommunikative kompetanse, og når funksjonskrava endrar seg, aukar funksjonsvanskane.
I denne samanheng meinte han at foreldra må hjelpe barnet til å få ei realistisk oppfatning av seg sjølv og ta inn i seg fellesskapets normer.
Ekeland etterlyste også «nabokjerringa», ein tredjeperson som involverte seg i andre sine barn, slik det ein gong var.
-På 70-talet var identitetsprosjektet å finne seg sjølv. På 80 talet var det å skape seg sjøl. I dag skammar dei seg over å vere alminneleg, men på same tid vil dei ha dei same kleda som andre. Ungdomane har endra seg frå å vere eit lydigheitobjekt til å bli eit prestasjonsobjekt, meinte professoren.

SiU