Foredrag om medieskapt frykt

fuglseth

Den kalde krigen skapte eit risikobilete som vart endra etter 2001.
Korleis påverka denne endringa samfunnet idag.
Senioruniversitetet i Ulstein inviterer til haustens første temamøte komande torsdag 24. september kl 1900 på Ulstein kompetansesenter på Reiten.
Høgskulelektor ved Høgskulen i Volda, Kristian Fuglseth (bildet), tek føre seg eit høgst aktuelt tema; korleis media skaper frykt.
Fuglseth har masterutdanning i informasjon frå Leeds i England, og er tilsett som høgskulelektor ved avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda.
Han vil halde eit foredrag om korleis frykt i media ofte er med på å forme samfunnet, politikken og vår forståing av risiko. Foredraget vil nytte dømer frå aktuelle konfliktar i Midt-Austen, frå svineinfluensa og andre store kriser.
I desse døma meiner han ein kan trekke mediehistoriske linjer frå den kalde krigen og fram til i dag. Korleis blir vi påverka av media si framstilling og korleis kan vi lære å tolke mediebilete med eit kritisk syn på kriser, frykt og risiko.
Senioruniversitetet sine temamøte er opne for alle interesserte.

Inga Ishild Hareide