Foredrag om Putin

PerEgilHegge

Journalist Per Egil Hegge skal torsdag halde foredrag om president Putin og kva han vil bruke vinter-OL til.

Det er ein spennande foredragshaldar Senioruniversitetet i Ulstein har skaffa seg til møtet i Ulstein rådhus komande torsdag.

Hegge har vore ein av dei mest markante journalistane i Aftenposten sidan starten på 1960-talet. Han har vore korrespondent i Sovjetunionen, og hadde eit nært samarbeid med nobelprisvinnar Aleksandr Solsjenitsyn og andre opposisjonelle.

Det enda med at han vart utvist frå Sovjetunionen i 1971.

Men interessa hans for Aust-Europa har ikkje bleikna. Hegge oppdaterer seg stadig, og akkurat no er han oppteken av kva det er president Putin vil bruke vitne-OL til.

Fin fasade

Leikane startar i Sotsji i Russland 7. februar, og på telefon frå Oslo seier Hegge at Putin utan tvil er oppteken av å få vist fram ein fin fasade.

Han vil vise fram det moderne Russland og idretts- og organisasjonstalenta som landet har fostra.

Filosofar

Mange har nok merka seg at Putin i det siste har sett fri ein del folk som har site fengsla. Hegge trur ikkje det er så mange som kjenner til at han i det siste også har hatt ein tendens til å trekkje fram gamle russiske filosofar og forfattar som til dømes Dostojevski.

Tøff barndom

Under foredraget i Ulsteinvik vil Hegge også kome inn på bakgrunnen til Putin.

– Han voks nærast opp som gategut. Putin hadde ingen grei barndom. Foreldra hans var psykisk skadde etter krigen. Men ei lærarinne såg at det sat eit godt hovud på guten, og ho vart viktig for utviklinga hans, fortel Hegge.

Han meiner det som Putin har gjort i Russland dei siste vekene er litt løfterikt, slår fast at Putin også er eit hardt maktmenneske.