Frå statskyrkje til folkekyrkje

christfried_kaul_ulstein_kyrkje
Kva betyr avviklinga av statskyrkjeordninga for kyrkja? Korleis vil Den norske kyrkja organisere seg utan å vere del av statens forvaltning? Vil og kan Den norske kyrkja framleis vere ei folkekyrkje etter 1. januar 2017?

Dette er spørsmål kyrkjeverje i Ulstein, Christfried Kaul (bildet), vil svare på under Senioruniversitetet sitt temamøte komande torsdag på ressurssenteret på Reiten. Han vil gi eit innblikk i prosessane kyrkja står i for tida, korleis avviklinga er førebudd så langt, og kva som framleis er uklart. Med innføringa av reformasjonen fekk vi ei statskyrkjeordning i Noreg. Det var kongen i Danmark og ikkje lenger paven i Roma som blei den øvste autoritet for folk når det gjaldt religion. Kyrkja mista med dette også alt av verdsleg gods til kongen og blei dermed både økonomisk og teologisk underlagt staten. Statskyrkjeordninga var altså først og fremst eit politisk grep for å sikre religions- og verdimonopol innafor landet.

Med statskyrkjeordninga måtte også kongen syte for kyrkja sin økonomi. Medan prestane var statlege embetsmenn måtte lokalsamfunnet, seinare kommunane, syte for kyrkjebygg og alt anna som skulle til for at presten kunne forrette kyrkjelege handlingar. Det er denne arven det demokratiske og fleirkulturelle Noreg har med seg inn i vår tid når statskyrkjeordninga no skal avviklast, etter grunnlovsendringa frå 21. mai 2012.

Det er både økonomiske og strategiske utfordringar knytt til dette. Kva betyr avviklinga for finansieringa av kyrkja og andre trussamfunn? Kva forhold bør staten ha til kyrkja og andre trussamfunn? Avviklinga av statskyrkja reiser også spørsmål om kva som er kyrkja si eigenart. Kva betyr det å vere eit trussamfunn? Kva forhold bør kyrkja ha til individet, til sivilsamfunnet, til makt, til eigedom? Kva leiarstruktur svarer til det å vere ei kyrkje?

Med andre ord; kva rolle vil Den norske kyrkja eller kristendomen ha i framtida.

Møtet er ope for alle interesserte.
Velkomen i kantina på Reiten torsdag 27. oktober kl 19.

Inga Ishild Hareide