Gardsnamn i Senioruniversitetet

 johanottesen
I 1975 var Johan Ottesen (bildet) initiativtakar til heftet «Stadnamn frå Ulstein». Ut frå si sterke interesse for stadnamn har han gjennom åra samla kring 5000 stadnamn rundt om i Ulstein kommune, og mange av desse namna har han presentert i avisartiklar.

På komande møte i Senioruniversitetet vil Ottesen sjå nærare på gardsnamna i kommunen. Desse namna er av det eldste språkmaterialet som vi har. Det kan såleis vere vanskeleg å avgjere opphavet til nokre av desse namna sidan dei kan ha endra seg mykje gjennom siste tusenåret.

I sin gjennomgang vil Ottesen presentere dei ulike namnetolkingane som ligg føre for gardsnamna. Han vil også bruke foto for å illustrere dei ulike alternativa.

Vel møtt i kantina på Reiten torsdag 29. oktober kl 1900.

Inga Ishild Hareide