God aktivitet i Senioruniversitetet i Ulstein

senioruniv.

Avtroppande leiar Solfrid Røyneland takkar Andreas Ringstad og Ingeborg Hofseth for innsatsen deira for Senioruniversitetet i Ulstein.

Ingeborg Hofseth var med å starte Senioruniversitetet i Ulstein (SiU) og sat som leiar i sju år. Dei to siste åra har ho vore vara til styret. Andreas Ringstad har vore kasserar fram til i år. Det er såleis ein betydeleg innsats dei to har lagt ned.

SiU har til oppgåve å gje dei over 55+ eit inspirerande tilbod. Det gjer dei gjennom opne temamøte og studiegrupper.

Professor Bjørn Ramberg var først ut i 2013. Han snakka om ”Har dyr sjel?”. Benedicte Ingstad var gjest i april. Foredraget handla om foreldra Helge og Anne Stine Ingstad. Hallvard Holm tok føre seg Svalbard med “Historie og historier” i oktober. Interessa for dei ulike tema er varierande. SiU såg gjerne at fleire møtte fram.

Åtte studiegrupper

Men året starta med årsmøtet der Øyvind Grimstad Gryt snakka om ”Trelastnæringa på Sunnmøre på 1600-talet”, og viste til sagtradisjonen og kva som gjorde at det meste av Sunnmøre vart avskoga på slutten av 1600-talet.

Sju studiegrupper er i gang innafor tema litteratur, data, kunst, engelsk, spansk, tysk og samtalegruppe i bibelkunnskap. Ein kan såleis seie at det er god aktivitet. Det har kome ønske om ei lyrikkgruppe, men her har ein ikkje lukkast med å finne nokon til å ta på seg leiarvervet.

Senioruniversitetet i Ulstein byd også inn til eit sosialt julemøte for medlemmane. Det gjekk føre seg på SUF. Sokneprest Margit Holte snakka om gamle juletradisjonar.

Utan leiar

SiU hadde årsmøte 12. februar på Sunnmøre Folkehøgskule. Solfrid Røyneland har sete som leiar siste to åra. Ho takkar no for seg. Det har ikkje lukkast valnemnda å finne nye leiar. Det nyvalgde styret må konstituere seg, deretter vil det bli kalla inn til ekstraordinært årsmøte der ein vel leiar.

Det nye styret har denne samansettinga: Magny Krumsvik, Aud Ulstein, Marianne Helseth, Hannelore Måseide, Inga Ishild Hareide. Vara: Ingebjørg Eidem Ulstein og Anne Marie Hopland. Revisor Gunder Runde. Valnemnd: Liv Grete Haddal, Bergny Hatlø og Ruth S. Torgersen.

Senioruniversitetet har per i dag 155 medlemar. Den som har lyst å bli medlem, kan vende seg til ein i styret.