Hødd og identitet

Hødd og identitet

100-årsmarkeringa av Hødd på Senioruniversitetet vart ei triveleg stund for dei vel 40 frammøtte.

John Osnes leia samtalene mellom Kjell Garnes, Evy Sunndal, Andre Nevstad og deltakarar blant publikum, mellom anna Severin Myklebust som fortalde humoristisk om pengeinnsamlingane til Hødd.

Dei tre i panelet hadde kvar sin innfallsvinkel til temaet. Nevstad fortalde om korleis høddkulturen kom til på 60-talet, at det var eit lite lag med store opplevingar. Dei var stolte av klubben, også om laget rykka ned.

-Vi har ei stolt fortid. Over 70% av folk i Ulsteinvik spelar fotball. Hødd er meir enn kva nivå dei ligg på.

Det kom også fram at Hødd er størst i fylket når det gjeld breiddeidrett, og dei største gruppene er fotball, turn og handball.

Kjell Garnes vart spurt om korleis det var å rykke opp i 1.divisjon i 1965.

-Spelarane vart like overraska som dei som seinare vann cup-finalen. Då spelarane reiste til Trondheim, var det ingen på laget som snakka at slikt kunne skje. Men det var ikkje same feiringa som etter cup-finalen, slo han fast.

Fleire blant publikum tok ordet, mellom anna Hans Gisle Holstad. Han kunne fortelje at då laget rykka opp, fekk mange små lag augene opp for at jamvel små stader kunne skape gode fotball-lag.

At landslagsspelarar kom herfrå, var viktig for Ulsteinvik, for regionen og for smålaga utover i landet. Hødd skapte veg for andre småklubbar rundt i distrikta; Kan dei greie det, kan vi og.

Ein morosam kommentar i denne samanheng, var at folk på Austlandet trudde at Hødd besto av fiskarar som spelte i oljehyre.

Evy Sunndal tok til orde for alt frivillig arbeid som har blitt og blir lagt ned i klubben.

-Dei er heilt avhengige av at foreldre stiller ved kiosksal og liknande. Det er utruleg kor mange timar folk brukar for å drive dei ulike gruppene i Hødd. Men når borna kjem i 13-19-årsalderen, endrar foreldrerolla seg. Å ta ut lag kan vere problematisk overfor eigne born. Det krev ein trenar.

Hødd som merkevarebygging.

Idrettslaget var med på å skape identitet i bygda. Når folk var ute på reise og vart spurde kvar dei kom frå, vart svaret Ulsteinvik. Det kjende folk til; det er der Hødd kjem frå. Det kunne også tidlegare ordførar Hannelore Måseide stadfeste, også ho vart møtt med det same svaret då ho sa kvar ho kom frå.

-Det var ein reklame for Ulstein kommune som har vore uvurderlig. Kommunen ville aldri ha greidd å gi dei tilboda til nye innflyttarar som Hødd har gjort. Idrettslaget bidrar til integrering av vaksne tilflyttarar til kommunen. Det er viktig å skape sosiale miljø og integrasjon. Og det er ei helsegevinst ved å få dei unge i fysisk aktivitet.

Det kom elles fram at prosjektet «Fotballens betydning for trivselen i lokalsamfunnet» fekk fleire «ja» i Ulstein enn t.d. Sogndal. Ein positiv effekt var at folk flytta til Ulsteinvik på grunn av Hødd. Og mange vart svært aktive i Hødd-miljøet.

I 1990 vart Ulstein kåra til Norges beste kommune å bu i. Hødd spelte ei avgjerande rolle i grunngjevinga.

IIH