Nato – 70 år

NATO – 70 år

Senioruniversitetet i Ulstein arrangerte temamøte 8. mai i samband med skipinga av NATO i 1949. Føredraget vart halde av professor Jon Hellesnes. Møtet starta med song av Ulstein Mannskor, til glede for eit stort publikum.

Hellesnes innleidde med at norske politikarar, t.d. Olav Oksvik og Carl Joachim Hambro, hadde vore skeptiske til norsk medlemsskap: Norge kunne bli trekt inn i operasjonar i strid med våre interesser. Sovjet si annektering av austeuropeiske statar frå 1947 var grunnen for opprettinga av NATO, som skulle vere ein rein forsvarsallianse.

Oppløysinga av Sovjet, irekna Warsawapakten, skulle ein tru fjerna grunnlaget for NATO. Tvert om, det nye NATO har andre oppgåver enn å vere forsvarsallianse. Afghanistan, Irak, Libya, Serbia, etc. viser det tydeleg. Ekspansjon austover, heilt fram til russisk grense, og tidlegare austblokkland si interesse av vern mot russisk ekspansjon, har skapt ein ny og farleg situasjon som minner om da Sovjet plasserte atomvåpen på Cuba. Vi hugsar USA sin reaksjon.

For Norge er situasjonen ikkje berre at vi i nord har felles grense mot Russland der stor militær slagkraft er klar, men at militærstrategien i NATO er å få eit åtak frå russisk side til å vere mot norsk område. At mye amerikansk etterretning mot Russland skjer via Norge, gjer scenariet sannsynleg. Amerikanske u-båtar med atomvåpen har løyve til å operere i norske farvatn basert på norsk radar. Saka var oppe i Stortinget 4. juli i fjor, der den vart dyssa ned. Russland har fått eit motiv for å velje Norge som bombemål.

Hellesnes si framstilling av alliansen og Norges rolle bygger på materiale frå amerikanske militæranalytikarar, George Kennan, Helmut Schmidt, Brezinski, m.fl. Argumenta hans kviler ikkje på det ein på russisk eller russisk-venleg side hevdar. Etter oppløysinga av Warsawa-pakten trekte Sovjet styrkane sine tilbake frå Europa. Avtalen var at NATO ikkje skulle utvidas. President Clinton braut avtalen.

Stoda i dag er farlegare enn under den kalde krigen. Forholdet til Russland er nå ideologi-basert. Den gongen var realitets-orientert politikk rådande. At forholdet er styrt av ideologi, ikkje av real-politiske omsyn, har Willoch peika på. Selektiv bruk av internasjonal rett viser det klart. Dette inneber at frontane manglar rasjonale aktørar og at slike aktørar ikkje kjem gjennom med sine argument. Med nåverande administrasjon i USA er lite anna å vente. Norges rolle er klakørens. Tidlegare hadde alle sentrale aktørar på båe sider erfaring frå andre verdskrigen. Dei visste kva krig innebar. Tilsvarande manglar dagens politikarar. Dét gjer stoda ekstremt farleg.