06/02/2017
by Magny Krumsvik
Comments Off on Årsmelding 2016

Årsmelding 2016

Senioruniversitetet i Ulstein starta 2016 med årsmøte på Reiten. Vel tjue medlemmer møtte fram. Før årsmøtesakene viste tidlegare helsesjef Torbjørn Måseide ved ymse øvingar korleis ein kunne halde på styrken i muskulaturen.

Det kom ikkje inn saker som skulle handsamast under årsmøtet.

Styret i 2016 har vore
Inga Ishild Hareide – leiar
Magny Krumsvik – nestleiar
Marianne Helseth – kasserar
Hannelore Måseide – sekretær
Aud Ulstein – styremedlem
Vara: Aase Ulla, Ingbjørg Eidem Ulstein.
Revisor: Borgny Solbakken
Valnemnd: Guri Alme, Rita Myklebust og Gunn Garshol Lofthus.

Styret handsama i 2016 38 saker, i hovudsak planlegging av temamøte.

Det har vore i gang seks studiegrupper:

Spansk med leiar Johs. Aklestad på Ulsteinvik barneskule tysdagskveldane. Det blir meldt om god aktivitet blant dei 9 deltakarane.

Datatreffa med leiarane Svein Bjørnerem og Sverre Sylte er framleis den mest aktive. Dei treffast på Frivilligsentralen i Ulsteinvik mandagar og onsdagar. Av dei 14 deltakarane møter 8 begge dagane.

Her er 2 litteraturgrupper. Gunder Runde er leiar for eine gruppa. Her er 8 deltakarar. Frammøteprosenten er på heile 90,6. Inga Ishild Hareide er leiar for andre gruppa med 7 deltakarar. Også her er det godt frammøte. Litteraturgruppene held til på Ulstein bibliotek. Runde si gruppe annakvar tysdag 11.00-13.00. Hareide si gruppe annakvar mandag 19.00-21.00.

Ei bibelgruppe avslutta våren 2016. Kunstgruppa har også slutta. Både innan bibel- og kunstgruppa er medlemane interesserte i å halde fram, men ein manglar leiarar.

Senioruniversitetet forsøkte å starte nye studiegrupper innan filosofi, russisk og slektsgransking. Det var lita interesse for dette, berre slektsgransking kom i gang.

Det har vore arrangert fire temamøte:

3. mars «Sammenbrot i media» – ved høgskulerektor Johann Roppen

  1. april «Bunadene på søre Sunnmøre» – ved konservator Anne Kristin Moe. Medlemane i Hareid og Ulstein Husflidlag var invitert til dette møte.
  2. september «Grenseoverskriding eller grensesetting – Den Lutherske reformasjonen i Norge.»   ved professor Anders Aschim. Møtet var inn under forskingsdagane ved Høgskulen i Volda.
  3. oktober «Frå statskyrkje til folkekyrkje.» -ved kyrkjeverje i Ulstein, Christfried Kaul.

Det var mellom 20 og 30 frammøtte desse kveldane som alle gjekk føre eg på     Ulstein kompetansesenter. Styret såg gjerne at fleire møtte fram til temamøta

På kvart møte blir det selt lodd til dekning av utgiftene.

Styret i Senioruniversitetet tok også i år seg av organiseringa av tur til Opera Nordfjord til «Maskeradeballet» av Verdi. 22 var med på turen.

Det vart invitert til julemøte på SUF, men her var så lita interesse at ein valde å avlyse møtet.

Av andre saker kan nemnast at Senioruniversitetet gjekk til innkjøp av ny datamaskin til den dataansvarlege i styret. Det vart også kjøpt printer til datagruppa.

Interessa for Senioruniversitetet sine aktivitetar har vore dalande siste åra ved at fleire studiegrupper har slutta. I nokre tilfelle har det mangla leiarar, i andre deltakarar.

Senioruniversitetet har i dag 143 medlemmer.

Inga Ishild Hareide
leiar

 

 

 

20/10/2016
by Magny Krumsvik
Comments Off on Frå statskyrkje til folkekyrkje

Frå statskyrkje til folkekyrkje

christfried_kaul_ulstein_kyrkje
Kva betyr avviklinga av statskyrkjeordninga for kyrkja? Korleis vil Den norske kyrkja organisere seg utan å vere del av statens forvaltning? Vil og kan Den norske kyrkja framleis vere ei folkekyrkje etter 1. januar 2017?

Dette er spørsmål kyrkjeverje i Ulstein, Christfried Kaul (bildet), vil svare på under Senioruniversitetet sitt temamøte komande torsdag på ressurssenteret på Reiten. Han vil gi eit innblikk i prosessane kyrkja står i for tida, korleis avviklinga er førebudd så langt, og kva som framleis er uklart. Med innføringa av reformasjonen fekk vi ei statskyrkjeordning i Noreg. Det var kongen i Danmark og ikkje lenger paven i Roma som blei den øvste autoritet for folk når det gjaldt religion. Kyrkja mista med dette også alt av verdsleg gods til kongen og blei dermed både økonomisk og teologisk underlagt staten. Statskyrkjeordninga var altså først og fremst eit politisk grep for å sikre religions- og verdimonopol innafor landet.

Med statskyrkjeordninga måtte også kongen syte for kyrkja sin økonomi. Medan prestane var statlege embetsmenn måtte lokalsamfunnet, seinare kommunane, syte for kyrkjebygg og alt anna som skulle til for at presten kunne forrette kyrkjelege handlingar. Det er denne arven det demokratiske og fleirkulturelle Noreg har med seg inn i vår tid når statskyrkjeordninga no skal avviklast, etter grunnlovsendringa frå 21. mai 2012.

Det er både økonomiske og strategiske utfordringar knytt til dette. Kva betyr avviklinga for finansieringa av kyrkja og andre trussamfunn? Kva forhold bør staten ha til kyrkja og andre trussamfunn? Avviklinga av statskyrkja reiser også spørsmål om kva som er kyrkja si eigenart. Kva betyr det å vere eit trussamfunn? Kva forhold bør kyrkja ha til individet, til sivilsamfunnet, til makt, til eigedom? Kva leiarstruktur svarer til det å vere ei kyrkje?

Med andre ord; kva rolle vil Den norske kyrkja eller kristendomen ha i framtida.

Møtet er ope for alle interesserte.
Velkomen i kantina på Reiten torsdag 27. oktober kl 19.

Inga Ishild Hareide

25/09/2016
by Magny Krumsvik
Comments Off on Vellukka temamøte om reformasjonen

Vellukka temamøte om reformasjonen

reformasjonen
Over 30 møtte fram til Senioruniversitetet sitt temamøte sist torsdag der professor Anders Aschim frå Høgskulen i Volda heldt eit svært interessant foredrag om kva den lutherske reformasjonen førte til. Vart det eit større handlingsrom eller fleire innskrenkingar for folk her i landet.

«Grenseoverskriding eller grensesetjing? Den lutherske reformasjonen i Noreg» var tittelen på Aschim sitt foredag. Han tok utgangspunkt i Luther sine teser, som det var sådd tvil om han slo dei opp på kyrkjedøra i Witterberg. Eitt var i alle fall sikkert; tida for inntog i Noreg var i 1537.
Kong Kristian II som var inspirert av reformasjonen og Noreg fekk nytestamentet i dansk utgåve. Men sjølv om bibelen vart omsett, meinte Aschim litt seinare i foredraget at salmeboka hadde betydd meir for folk enn bibelen. Ved innføringa av reformasjonen tok «dei omvende» til å synge ved bordseta, noko som vakte stor harme hos dei katolsk geistlege.
Aschim meinte ein kunne sjå på reformasjonen som ei frigjeringshistorie. Der skjedde eit oppgjer med kyrkja, med kyrkja sitt babelonske fangenskap og dei kristne sitt fangenskap. Det alminnelege menneske kan ha kontakt med Gud, vart det den gong hevda. Dei treng ingen mellommann. Det gjekk føre seg ei demokratisering av kunnskap.
Så langt den positive utviklinga, men etter det Aschim fortalde, vart avgrensingane langt større, både politisk og religiøst. Til dømes fekk ikkje personar med ei anna tru adgang til riket, mellom andre vart jødane utestengde. Reformasjonen førte også til at vi tapte sjølvstendet, den vart starten på det som vert kalla 400-årsnatta, kolonitida med Danmark. Kongen av Danmark gjorde seg eineveldig. Kyrkja var ikkje lenger ein maktfaktor. Ho vart ein del av det royale. Også prestane vart kongens menn.
Men reformasjonen vart innført stegvis då her måtte utdannast prestar etter at dei geistlige i den katolske kyrkja måtte gå frå embeta sine.
Også økonomisk fekk det følgjer. Kyrkjegodset var anten krongods eller delt ut til høvedsmenn. Strafferetten kom inn under kyrkja. På dette området meinte Aschim dei gjekk tilbake til praksisen i det gamle testamentet. Når det galdt språket, vart norsk til dansk.
Eit anna moment var at Noreg i katolsk tid hadde stort samkvem med den katolske verda. No vart Roma erstatta med København. Han minte også om at ein heller ikkje skulle gløyme at hekseprosessane her i landet skjedde i desse tider. Noreg har trudd dei har vore friare enn kva realiteten var, meinte professor Aschim.
Det vart også tid til ei spørjerunde, og mange interessante problemstillingar vart teke opp i denne delen. Såleis eit svært vellukka temamøte, der dei frammøtte viste stort engasjement for temaet, og gav professor Aschim ein solid applaus.

Referat v/Inga Ishild Hareide

15/09/2016
by Magny Krumsvik
Comments Off on Den lutherske reformasjonen i Noreg

Den lutherske reformasjonen i Noreg

 Grensanders-aschim2eoverskriding eller grensesetjing?

Senioruniversitetet i Ulstein opnar hausten komande torsdag 23. september i kantina på Reiten kl 1900, med eit foredrag om reformasjonen ved professor Anders Aschim (bildet). Føredraget er ein del av programmet under Forskingsdagane 2016 ved Høgskulen i Volda, og er det første av 26 ulike arrangement mellom 22. og 29 september.

I 2017 blir det feira 500-årsjubileum for denne hendinga. Martin Luthers offentleggjering av dei 95 tesene mot avlaten 31. oktober 1517 blir gjerne rekna som starten på denne nye kyrkjehistoriske epoken. I Noreg tok det rett nok enda tjue år før reformasjonen blei innført, det hende først ved kongeleg dansk påbod i 1537.

Reformasjonen blir gjerne karakterisert som ei grensesprengjande hending, eit ledd i religiøs frigjering og modernisering. Men var det òg slik at reformasjonen skapte nye grenser? I dette føredraget diskuterer Anders Aschim både religiøse, politiske, økonomiske, geografiske og kulturelle følgjer av reformasjonen. Kva for konsekvensar fekk dette for Noregs forhold til omverda? Korleis merka ein reformasjonen i norske lokalsamfunn?

Anders Aschim er professor i idé- og kristendomshistorie ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag, Høgskulen i Volda. Han har mellom anna publisert ein omfattande biografi om Elias Blix, og han har vore sentral i arbeidet med den nyaste bibelomsetjinga frå Bibelselskapet, Bibel 2011.

Senioruniversitetet inviterer alle interesserte til Ulstein kompetansesenter på Reiten denne kvelden for å høyre kva reformasjonen fekk å seie for oss.

Vi ønskjer vel møtt til alle, og ser gjerne at medlemmane i Senioruniversitetet sluttar opp om temakveldane våre.

Inga Ishild Hareide

09/05/2016
by Magny Krumsvik
Comments Off on Senioruniversitetet med nye kurstilbod

Senioruniversitetet med nye kurstilbod

Senioruniversitetet ønskjer å utvide tilbodet til medlemane. Om her melder seg nok interesserte, vil vi starte kurs i slektsgransking, filosofi og russisk.

Senioruniversitetet i Ulstein vart starta i 2005 med det føremål å gje tilbod om kurs til dei over 55 år i Ulstein og Hareid. I tillegg skal dei arrangere opne møter om tema dei trur er interessante.

Senioruniversitetet har i desse åra hatt studiegrupper innafor mange område. Det starta med matematikk, data og litteratur. Her har vore engelsk-, tysk- og kunstgruppe. I dag er her spansk, to litteraturgrupper, to datagrupper og ei bibelgruppe. Tilsaman samlast 58 medlemer ein gong i veka eller kvar 14 dag. Kven som helst kan melde seg på, ein må berre vere medlem av Senioruniversitetet. Nokre grupper samlast på dagtid, andre om kvelden.

For å starte nye kurs treng ein frivillige som vil ta på seg denne oppgåva. Voitto Jokinen har sagt seg villig til å lære frå seg korleis ein går fram for å spore opp slekta si. Til dette kurset treng deltakarane ein bærbar pc.

Atle Måseide tek på seg å undervise i filosofi, men korleis han vil legge opp kurset er litt avhengig av kva dei ønskjer dei som melder seg.

Nokre ønskjer å lære russisk. Den oppgåva vil Olga Rybinskaya ta på seg.

For å lodde interessa for desse nye kursa inviterer Senioruniversitetet til eit orienteringsmøte på Reiten 2. juni kl 1900. Dei som vil vere med, må kome denne kvelden, slik at ein kan lodde stemninga og finne ut kva tidspunkt som passer best – dag- eller kveldstid. Interesserte kan også ta kontakt med ein i styret. Kursa vil ikkje starte opp før etter sommarferien.

Senioruniversitetet skulle gjerne ha sett i gang fleire kurs, men ein er avhengig av at nokon vil ta på seg leiaransvaret.

Inga Ishild Hareide

26/04/2016
by Magny Krumsvik
Comments Off on Tur til Opera Nordfjord 5. oktober

Tur til Opera Nordfjord 5. oktober

På grunn av uføresette problem med lisensen til Rosenkavaleren av Richard Strauss, må Opera Nordfjord diverre utsetje denne operaen. I staden byd dei inntil Hoffmanns Eventyr av Offenbach. Senioruniversitet har sine 30 billetter til premieren 5. oktober, med frist for tilbakemelding 1. august.

Hoffmanns Eventyr er ein fantasiopera med sprudlande musikk med den kjende Barcarole, fantasifulle karakterar, flotte korparti, spenstige dansarar og fargerike kostymer.

Handlinga i operaen er basert på tre noveller av E.T.A. Hoffmann, der Hoffmann er hovudpersonen. Godt hjelpt av sin muse, Niklaus, kjempar han kampen mellom kjærleiken og kunsten. Historia startar og endar i vinkjellaren til Lutter, der Hoffmann sit og drikk og drøymer om kvinner.

Vi vonar medlemane vil vere med til ein sprudlande kveld i haustmørkret. Vilkåra er dei same.

Vi vil også i år ordne med eit lite kafèbesøk slik at ein får seg ein kaffi før ein set seg til i konsertsalen.

Påmeldinga er å betale inn kr. 495,- til Senioruniversitetet i Ulstein sin konto nr. 3910.33.13108.

Såleis kan ein seie at den som kjem først til mølla, får male. Men vi vil følgje godt med og sende ut ny melding om der anten er fullt eller ledige plassar fram mot 1. august. Dette er langt fram i tid, men for å få billettar på premieredagen måtte vi gjere det på denne måten.

Bussbilletten betalar ein ved ombordstigning.

Senioruniversitetet vonar mange melder seg, og seier vel møtt til eit triveleg sosialt samvær.

Helsing styret v/Inga Ishild Hareide

26/04/2016
by Magny Krumsvik
Comments Off on Bunad som identitetsmarkør

Bunad som identitetsmarkør

akmoe

Referat frå temakveld 21. april

Som utgangspunkt for dagens bunader gjekk direktør på Nordfjord Museene, Anne Kristin Moe (bildet), tilbake til folkedraktene på Sunnmøre under sitt foredrag på Senioruniversitetet sitt temamøte 21. april.

Ho fortalde at bygdene rundt om hadde sine lokale særpreg for folkedraktene. Kvar bygd nytta den same fasongen anten det var til kvardags-, helg- eller kyrkjeklede.

Ho viste til at på Sunnmøre var det to draktskikkar, ein på ytre og søre og ein i indre og nordre, til dømes måten dei sydde hua og livet på.
Ut frå kva dei har funne av gamle forkle og andre plagg i tillegg til foto, har dei så bygd opp dei nye bunadene.

Då Norge skulle bygge seg opp som eigen nasjon, vaks dei nasjonalromantiske trekka fram, i musikk, eventyr, språk og billetkunst. I sistnemnte vart «Brudeferda i Hardanger» eit symbol. Her sat jentene i Hardagerbunad. Det førte til at det var denne bunaden som i første rekke spreidde seg ut over landet,også til Sunnmøre. I den tida vi var under Sverige vart bruk av bunad sett på som svært radikalt, ein politisk markør. Også borgarskapet fatta interesse for bondestanden sine klede, fordi dei vart oppfatta som upåverka av utanlandsk mote.

Etter kvart vaks det fram eit ønske om å ha eigen stadbunden bunad. Hulda Garborg oppmoda folk til å bruke drakter frå sin stad. Sjølv møtte ho sunnmørsbunaden for første gong under ein målmarknad i Bergen i 1907. Men først i 1920 engasjerte Husfliden seg i bunader, og etter kritikk frå Klara Semb vart det sett ned ei bunadsnemnd.

På Søre hadde ein rundt århundreskiftet ingen tradisjon med heile broderte drakter. Moe trudde det skreiv seg frå at ein på ytre hadde stor samhandel med omverda og difor var glad i kjøpety. Søre Sunnmøre-bunaden kom i 1926. Her tok dei opp mønsteret frå eit forkle og vov livet i damask. Alt skulle vere norsk handverkstradisjon.
Ørskogsbunaden basert på ei forkle, kom i 1927, og rosemønsteret frå forkleet vart ført over til broderi.

I dag er her 10 kvinnebunader frå Sunnmøre.

Inga Ishild Hareide

14/04/2016
by Magny Krumsvik
Comments Off on Sunnmørsbunader og deira historie

Sunnmørsbunader og deira historie

Bunader
Foto: Husfliden, Ålesund

Komande torsdag er det igjen klart for temamøte i Senioruniversitetet. Direktør på Nordfjord Museene Anne Kristin Moe vil snakke om bunader og historia deira.

Vi nærmar oss mai då bunader i fleire variantar vil pryde bygdene våre, og kvar har si spesielle historie. Moe vil spesielt ta føre seg sunnmørsbunadene, og kjem spesielt til å fokusere på forskjellane mellom Nordre og Søre Sunnmøre. Ho fortel at det har vore forskjellige bunader fram gjennom tidene, både når det gjeld 1800-talet sine folkedrakter og bunadene som blei laga på 1900-talet.

Anne Kristin Moe er kulturhistorikar. Ho har vore dagleg leiar ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt,   konservator for eldre bygdekultur ved Norsk Folkemuseum, der ho arbeidde mykje med bunadhistorie. Det resulterte i boka «Broderte bunader» som ho vil selje kontant etter foredraget. 1. mars i år tok ho over leiinga ved Nordfjord Museene.

Temamøtet går føre seg i kommunestyresalen i Ulstein rådhus torsdag 21. april, og tek til klokka 1900.
Her er det plass til alle interesserte.

Vel møtt!

Inga Ishild Hareide

27/02/2016
by Magny Krumsvik
Comments Off on Samanbrotet i norske media – referat

Samanbrotet i norske media – referat

Seniorroppen
Professor Johann Roppen (bildet) tok utgangspunkt i ideologi og privat eigarskap under temamøtet i Senioruniversitetet i Ulstein 25.02, og forklarte korleis media har gått frå å vere knytt til politiske parti til ein stadig vanskelegare økonomi.

Utviklinga har gått via blybokstavar, først til offset­teknologien då heile avisproduksjonen skjedde innanfor same lokalet, til dagens teknologi som har flytta tenester ut. Avisprodusenten har såleis ikkje hand om heile produktet lenger.
Han viste også til at på 70-­talet vart journalistane meir samfunnskritiske. Kanskje vart dei inspirerte av Watergate­saka der president Nixon vart felt på grunn av gravande journalistikk.
Men ein kan lure på om det førte så mykje med seg, fordi det ofte ikkje er dei viktigaste sakene det blir grave i. Det er kjendisstoff kontra det som er viktig for samfunnet, meinte han.
Han spurte seg om avisene i dag har økonomi til å drive gravejournalistikk, og viste til at mykje av annonseinntektene går til Google og andre nettselskap. Også Facebook stel annonseinntekter frå norske aviser. Desse betaler heller ikkje skatt i Norge.
Roppen kunne fortelje at her er 225 aviser i landet, noko som han var svært stolt av. Og talet har fram gjennom åra vore nokolunde stabilt. Han viste også via graf korleis opplaget til VG og Dagbladet har endra seg. Opplaget toppa seg midt på 90-­talet med to store aktuelle saker; EU-kampen og OL på Lillehammer i 1994. Deretter greidde dei ikkje å halde på lesarane. På same tid vaks nisjeavisene som Morgenbladet, Dag og Tid og Klassekampen.
Han tok også føre seg TV og radio der NRK framleis er norsk eigd medan TV2 blir eigd av eit dansk selskap, TV Norge av Discovery, P3 og P4 blir styrd frå Sverige og Radio Norge ha tyske eigarar. Slik han såg det, er her politisk vilje til at NRK vil halde fram med norsk eigarskap.
Grunngjevina er at dei er oppteken av å ta vare på norsk språk og kultur, men Roppen meinte her er få garantiar på at dette ville halde ved.
Professor Roppen konkluderte med at enno er her ikkje samanbrot i norske media.
Vi har framleis gode lokalaviser med eit stabilt sal, men er det godt nok? Her er aukande marknad for gratisaviser. Men spørsmålet er korleis det går med dei digitale media. Vil dei bli prega av norsk innhald eller ein global suppe.

Inga Ishild Hareide

17/02/2016
by Magny Krumsvik
Comments Off on Samanbrotet i norske media

Samanbrotet i norske media

johannroppen

Professor Johann Roppen (bildet) ved Høgskulen i Volda kjem til Senioruniversitetet i Ulstein for å snakke om utviklinga i media – både lokalt og globalt.

Ulstein kompetansesenter på Reiten, kantina,
torsdag 25. februar kl 1900.

Mediekvardagen til folk flest vert i stadig større grad prega av innhald som er kontrollert av globale selskap som Facebook, Google og Twitter. Dette har vidtrekkjande følgjer for norske media. På den eine sida har vi aldri hatt så mange papiraviser i Noreg som i dag, og dei fleste norske aviser er lokalaviser. Men på den andre sida ser vi at dei globale mediekonserna har kome for fullt inn i norsk mediekvardag. Vil dei utanlandske selskapa ta over alt? Er dette ei utvikling som kan styrast gjennom mediepolitikk? Og kva konsekvensar får dette for journalistikken? Vil lokalavisa klare seg – også det neste tiåret? Eller går norske media mot eit samanbrot? Johann Roppen bur i Volda, men kjem frå Flø. Han fekk sin første smak på livet som mediearbeidar som journalist i Vikebladet i Ulsteinvik i 1985. Han tok seinare medieutdanning ved Høgskulen i Volda og Universitetet i Bergen. Som forskar ved Høgskulen i Volda har han studert forholdet mellom journalistikk og medieøkonomi, blant anna i si doktoravhandling om Orkla media. Men han har også studert lokalaviser og kringkasting og vore medlem av statlege utval på pressestøtte i Noreg og Danmark. Han sit no i eit statleg utval som skal kome med framlegg til endringar av NRK lisensen. Sidan 2015 har Johann Roppen vore rektor ved Høgskulen i Volda.

Det blir som vanleg på Senioruniversitetet sine temakveldar, loddsalg, kaffi og kake.
Vel møtt til alle.

Inga Ishild Hareide

 

 

 

04/02/2016
by Magny Krumsvik
Comments Off on Årsmelding 2015

Årsmelding 2015

 

10 års jubileet for oppstarten av Senioruniversitetet i Ulstein ble markert i starten av det ordinære årsmøte den 28 januar 2015. 45 fremmøtte medlemmer kunne nyte en minikonsert i en vårlig pyntet kommunestyre sal på Ulstein rådhus som innledning til festligheten. Elever fra Ulstein Kulturskole med lærer ble takket for tonene med blomster og ønsket vel hjem.

Hoved innslaget var ved Ingeborg Hofseth , mangeårig leder helt fra starten av og Ruth Torgersen, sekretær i mange år. I dialogs form tok de to damene medlemmene med seg i en interessant reise fra oppstarten av senioruniversitetet og arbeidet framover i ti år. Stor applaus og velfortjente blomster og gaver ble overrekt av dagens leder Inga I Hareide til damene, for stort arbeid og engasjement i lang tid.

En god kaffepause, der ulike forslag/ideer til nye temamøter for året ble lagt fram. Pausen ble en naturlig overgang til den formelle delen av Årsmøte.

Styret i 2014

Sammensetningen har vært slik etter konstitueringen:

Inga I Hareide              -Leder
Magny Krumsvik        -Nestleder
Marianne Helseth       -Kasserer
Hannelore Måseide    -Sekretær
Aud B Ulstein               -styremedlem

Varamedlemmer
Ingebjørg Eidheim Ulstein
Anne Marie Hopland

Revisor
Borgny Solbakken

Valgnemnd
Rita Lill Myklebust, Anne Karin Dalehamn, Ruth Torgersen

Driftsåret 2015

Følgende studiegrupper har vært i gang
1 Engelskgruppe, som ble avsluttet etter sommeren pga. av liten oppslutning
1 Spanskgruppe
1 Tyskgruppe, som også ble avsluttet til sommeren pga. få som var interessert i å fortsette
2 Datagrupper
2 Litteraturgrupper
1 Kunstgruppe
1 Bibelgruppe, der Atle Hopland har tatt på seg ledervervet.

Lederne av gruppene skal ha stor takk for at senioruniversitetet kan  vise til et relativt høyt aktivitets nivå!

Det er holdt 7 styremøter, derav to forberedelses møter forut for temamøtene. En har behandlet 33 saker i 2015.

Senioruniversitetet Har invitert til 4 temamøter, og 1 opera tur til Nordfjordeid:

1. Samenes historie som urfolk              v/ Journalist   Astrid Tunold
2. Kommunereformen                              v/Rådmannen i Ulstein Einar Aarset
3. Medieskapt frykt                                   v/Høyskolelektor Kristian Fugleseth
4. Gardane i Ulstein                                   v/Lokalhistoriker Johan Ottesen
5. Operatur til Nordfjordeid                      «Maskeballet» av G. Verdi

Turen til Nordfjordeid ble en musikalsk opplevelse. De som i tillegg fikk en gjennomgang av operaen i ord og toner v/ Gunder Runde fikk vel en gjenkjennelse etter som kvelden skred fram!

Julemøtet den 24 november på Sunnmøre Folkehøgskole fikk også dette året god oppslutning. Stein Karstensen, prest i Stranda kommune kåserte om julefeiring under fremmede himmelstrøk. Det ga nok festlyden noe til ettertanke på veien fram mot jul, men han fortalte også mange gode historier som familien hadde opplevd, og som fremkalte både latter og forundring hos medlemmene.  God mat, et godt bordsete i lune omgivelser og et godt kåseri var en fin avslutning på arbeidsåret så langt.

Lederen takket familien Karstensen med blomster og studiegruppelederne med en boksjekk for godt arbeid gjennom 2015.

Senioruniversitetet har en hjemmeside, senioruni-ulstein.no  Den inviteres medlemmene til å bruke.

Forslag/ideer til temamøter/foredragsholdere, eller aktiviteter er flott å få med for styret som arbeidsgrunnlag.

Senioruniversitetet har i dag ca 150 medlemmer.

Hannelore Måseide

25/11/2015
by Magny Krumsvik
Comments Off on Tankevekkande kåseri på julemøtet

Tankevekkande kåseri på julemøtet

stk
30 av Senioruniversitetet sine medlemar var tysdag samla til det tradisjonelle julemøtet på Sunnmøre Folkehøgskule. Og som forventa fekk vi servert ein smakfull julebuffet. Medlemane var såleis gode og mette då sokneprest og tidlegare sjømannsprest Stein Karstensen (bildet) fekk ordet.

Kontrasten vart såleis stor til Karstensen sin kvardag i Brasil, som han fortalde på ein lun måte.. Han møtte stor fattigdomen og nød, og fortalde mellom anna om ei sju år gamal jente som ikkje kunne gå på skule, men måtte vere heime og passe søstera si på eitt år medan mora arbeidde. Ho var ikkje einaste i ein slik situasjon.

Han fortalde også om korleis misjonen fekk bygd kyrkje i Brasilia med hjelp mellom anna frå fleire i Hareid. Der laga dei juleteater ute på dugnad. Denne julefeiringa vart ein stor kontrast til deira eiga feiring.

Det var ei tankefull forsamling som tok fatt på desserten. Men praten tok seg fort opp att.

Kvelden vart avslutta med at leiarane for studiesirklane fekk utdelt kvar sitt gåvekort som takk for innsatsen. Dei som ikkje var til stades, vil få gåvekortet sendt i posten.

Inga Ishild Hareide

12/11/2015
by Magny Krumsvik
Comments Off on Jul i framandt land

Jul i framandt land

steinkarstensen
Sokneprest i Stranda og tidlegare sjømannsprest, Stein Karstensen
(bildet), er i år gjest under Senioruniversitetet i Ulstein sitt julemøte tysdag 24. november kl. 19.00 på Sunnmøre Folkehøgskule, Varleite. Karstensen vil fortelje om ymse måtar å feire jul på i forskjellige land, frå Norge, via Holland til Brasil. Han har vore sjømannsprest i Rotterdam og i løpet av åtte år i Brasil arbeidde han fleire stadar, som Santos, Rio de Janeiro og i Brasilia. Han har såleis møtt mange ulike folkegrupper. I fem år arbeidde han blant dei fattige i Brasilia. Der feira dei ei litt annleis jul enn kva vi tenkjer oss. I 1996 flytta han med familien tilbake til Norge, og busette seg i Hjørungavåg der kona hans, Bente Liavåg er frå.

Inga Ishild Hareide

03/11/2015
by Magny Krumsvik
Comments Off on Referat frå populær temakveld om gardsnamn i Ulstein

Referat frå populær temakveld om gardsnamn i Ulstein

johano

Kantina på Reiten var fullsett då Senioruniversitetet i Ulstein ønskte Johan Ottesen velkomen til å snakke om gardsnamn i Ulstein.

Han starta på Flø og tok føre seg gard for gard innover i kommunen. Han viste samstundes korleis namna hadde endra seg gjennom åra. Ulstein, eller Ulfstein, kunne kome frå dyret ulv, eller personen Ulv som i tidlegare tider busette seg der. Sjølv hadde han meir tru på dyrenamnet.

Vegen gjekk vidar til Hofset, Holsekr, Løseth, via Dimna, Garnes og Eiksund.

Han forklarte også det eldste namnet på øya, Hód, som han meinte måtte ha med ein type hav å gjere.

Han illustrerte forklaringane sine med flotte foto, slik at ein heile tida var klar over kva namnet skreiv seg frå.

Inga Ishild Hareide

21/10/2015
by Magny Krumsvik
Comments Off on Gardsnamn i Senioruniversitetet

Gardsnamn i Senioruniversitetet

 johanottesen
I 1975 var Johan Ottesen (bildet) initiativtakar til heftet «Stadnamn frå Ulstein». Ut frå si sterke interesse for stadnamn har han gjennom åra samla kring 5000 stadnamn rundt om i Ulstein kommune, og mange av desse namna har han presentert i avisartiklar.

På komande møte i Senioruniversitetet vil Ottesen sjå nærare på gardsnamna i kommunen. Desse namna er av det eldste språkmaterialet som vi har. Det kan såleis vere vanskeleg å avgjere opphavet til nokre av desse namna sidan dei kan ha endra seg mykje gjennom siste tusenåret.

I sin gjennomgang vil Ottesen presentere dei ulike namnetolkingane som ligg føre for gardsnamna. Han vil også bruke foto for å illustrere dei ulike alternativa.

Vel møtt i kantina på Reiten torsdag 29. oktober kl 1900.

Inga Ishild Hareide

14/10/2015
by Magny Krumsvik
Comments Off on Referat frå temamøte om medieskapt frykt

Referat frå temamøte om medieskapt frykt

fuglseth2

Den kalde krigen skapte eit risikobilete som vart endra etter 2001. Korleis påverka
denne endringa samfunnet idag. Det var utgangspunktet til høgskulelektor Kristian
Fuglseth under Senioruniversitetet sitt første haustmøte.
Dei 25 frammøtte fekk høyre eit interessant foredrag om medieskapt frykt. Fuglseth
såg det i eit sosiologisk perspektiv, korleis vi samhandlar ut frå denne frykta.
Han gjekk tilbake i historia, til den kalde krigen, og meinte at historia gradvis endra
seg frå 1979. Men i 2001 vart fiendebiletet endra, frå landa bak jarnteppet til
muslimske opprørarar, og media skreiv om hendingane på ein annan måte. I mange
saker nytta ein politikarar i staden for fagfolk til kommentere.
Fuglseth karakteriserte dagens samfunn som eit risikosamfunn. Dette grunna han
med at her er ein global risiko som gjer at alle er redde for det same. Frykt i eit
samfunn påverkar andre samfunn.
Han hevda mellom anna vidare at visse hendingar legitimerer ein viss politikk der
terrortrussel legitimerer auka politi.
– Vi har aldri vore tryggare enn i dag, meinte han avslutningsvis.

Referat frå triveleg operatur
Det vart ei stor musikalsk oppleving for dei 22 som var med Senioruniversitetet i Ulstein til
Nordfjordeid for å sjå “Maskeballet” av Guiseppe Verdi. Førestellinga var eit samarbeid mellom
Opera Nordfjord og Den Norske Opera & Ballett.
Teksten er ikkje så lett å få med seg i ein opera, men dei som var tilstades då Gunder Runde heldt
ei innføring om handlinga og historia bak, greidde nok å følgje scenebiletet.
Det vart også tid til det sosiale. Bussen gjekk frå Ulsteinvik presis. 15.30, og vi rakk ei god
kaffistund på Bryggen hotel Nordfjord før bussen køyrde til kulturhuset.
Så langt kan det hende det blir operatur neste år óg. Det var i alle fall ønske frå dei som var med på denne turen.

Inga Ishild Hareide

20/09/2015
by Magny Krumsvik
Comments Off on Foredrag om medieskapt frykt

Foredrag om medieskapt frykt

fuglseth

Den kalde krigen skapte eit risikobilete som vart endra etter 2001.
Korleis påverka denne endringa samfunnet idag.
Senioruniversitetet i Ulstein inviterer til haustens første temamøte komande torsdag 24. september kl 1900 på Ulstein kompetansesenter på Reiten.
Høgskulelektor ved Høgskulen i Volda, Kristian Fuglseth (bildet), tek føre seg eit høgst aktuelt tema; korleis media skaper frykt.
Fuglseth har masterutdanning i informasjon frå Leeds i England, og er tilsett som høgskulelektor ved avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda.
Han vil halde eit foredrag om korleis frykt i media ofte er med på å forme samfunnet, politikken og vår forståing av risiko. Foredraget vil nytte dømer frå aktuelle konfliktar i Midt-Austen, frå svineinfluensa og andre store kriser.
I desse døma meiner han ein kan trekke mediehistoriske linjer frå den kalde krigen og fram til i dag. Korleis blir vi påverka av media si framstilling og korleis kan vi lære å tolke mediebilete med eit kritisk syn på kriser, frykt og risiko.
Senioruniversitetet sine temamøte er opne for alle interesserte.

Inga Ishild Hareide

15/07/2015
by Magny Krumsvik
Comments Off on Operatur med Senioruniversitetet

Operatur med Senioruniversitetet

Senioruniversitetet i Ulstein tek i år opp igjen eit tidlegare tilbod. Vi  inviterer medlemar med slekt og vener til Operahuset Nordfjord. Vi har bestilt eit visst tal billettar til førestillinga 7.oktober. Det er Maskeballet av Guiseppe Verdi som står på programmet. Maskeballet bygger på mordet på svenske kong Gustav 3. i Stockholmsoperaen i 1792.

Mange seniorar gruar seg for å køyre i mørkret difor har Senioruniversitetet tinga buss til transporten.

Senioruniversitetet i Ulstein vonar dette er eit tilbod mange vil nytte seg av. Det vert opplyst at der er ein tidsfrist for påmelding, og interesserte kan ta kontakt med ein i styret.

Operatur for medlemmer med familie og venner

MASKEBALLET av Guiseppe Verdi
Onsdag 7. oktober i Operahuset Nordfjord

Vi har reservert 30 billettar. «Først til mølla» får plass. Påmeldingsfrist 1. august.
Opera kr. 495,-
Buss tur/retur Ulsteinvik 230,-   kr. 725,- til kontonr. 3910 33 13108

Innbetaling gjeld som påmelding. Hugs difor å skriv namnet ditt på innbetalinga.

Buss frå Ulsteinvik ca. kl. 16.00. Forestillinga er frå 18.30 – 21.15. Såleis satsar vi på ein times kaffipause på Nordfjordeid før forestillinga.

Gunder Runde har sagt seg villig til å fortelje litt om «Maskeballet» på førehand. Vi kjem tilbake med tid og stad i den samanheng.

Senioruniversitetet i Ulstein v/styret

13/05/2015
by Magny Krumsvik
Comments Off on Tida går for kommunereforma

Tida går for kommunereforma

Referat frå temamøte 30. april

Innan 1. juli skal kommunane leggje fram ein rapport om korleis arbeidet med kommunereforma skrid fram. Til då skal dei ha involvert innbyggjarane. Om eitt år skal den endelege avgjerda ligge føre.

Senioruniversitetet hadde invitert Einar Vik Arset, rådmann i Ulstein kommune, til sitt siste temamøte våren 2015, med kommunereforma som tema. Han kom med overraskande informasjon. – Norge skal ikkje endrast, – Norge er endra, sa han og viste til dei mange oppgåvene som kommunane har fått dei siste 50 åra; og viste til dei interkommunale samarbeidsordningar ein har; kommunale foretak, heil‐ og deleigde aksjeselskap, vertskommuneavtalar og stiftingar. Dette meinte han er uklarleik sett i system, til dels udemokratisk og byråkratisk.
Men han tvilte på om dei foreslegne samanslåingane ville gje meir demokrati.
Kommunen si oppgåve i dette arbeidet er å greie ut dagens situasjon og kva utfordringar ein ser framover. Men rådmannen meinte dette raskt kan kome til å handle om kjensler. Kor har min kommune vekstmoglegheit og med kven, både i forhold til innbyggjarar, næringsutvikling og i forhold til tenestetilbodet.

Felles arbeidsmarknad
Ekspertutvalet rår til at kommunane vurderer valet av kven dei vil slå seg saman med ut frå mellom anna om dei har økonomisk soliditet, effektiv tenesteproduksjon, relevant kompetanse , lokal identitet og funksjonelle samfunnstviklingsområde.
Når det gjelder storleiken på kommuneetane viste han til at Ekspertutvalget nyttar omgrepet «hverdagsregioner» , det vil seie felles arbeidsmarknad med inn‐ og utpendling frå kommunane. Ut frå tal i 2013 er Hareid,Ulstein, Herøy og Sande ein slik kvardagsregion. Ein slik modell ville gje 11 kommunar i Møre og Romsdal.
Men Fylkesplansjef i Møre og Romsdal, Ole Helge Haugen, meiner at om ein skal ta signala frå regjeringa på alvor, bør Møre og Romsdal ikkje ha fleire enn fire‐ fem kommunar. Det vil i vår region inkludere Volda, Ørsta og Vanylven under namnet Eiksund kommune.
Men både i Ulstein og Hareid er det vedtak om å ta del i prosessen ”Regionkommune Ålesund”.
Når det gjeld ein storkommune, såg fylkesplansjefen for seg kommunedelsutval som ville sikre lokalpolitisk engasjement og at visse lokalpolitiske oppgåver vert desentraliserte.

Frå fylke til kommunane
Arset la også fram kva oppgåver dei framtidige kommunane skulle ha. Ideen er at arbeidsmarknadstiltak skal gå frå NAV til den einskilde kommune. Det same gjeld Frå fylkeskommunen skal ein ta over vidaregåande opplæring , fylkesvegar, kollektivtransport og verkemidlar for nærings‐ og samfunnsutvikling, frå fylkeskommunen. Barnevern, fosterheim og institusjon skal overførast frå Bufetat. Etter denne planen skal ansvaret for habilitering og rehabilitering flyttast frå helseføretaka til kommunane.
‐Kva vert situasjonen om få år om det vert smått med ressursar. Kven har då ansvar for rettigheitar som ikkje blir innfridd fordi det ikkje er midlar til det? Eg er sikker på at skal kommunane få bestemme meir sjølv, blir det større forskjellar i kommunane sine tenestetilbod, undra han seg og karakteriserte det som eit politiske svarteperspill.

Innbyggjarane skal høyrast
Prosessen er no i den såkalla utgreiingsfasen. Ein skal vurdere samanslåing. Men det er ein omstendeleg prosess der ein i år før valet skal involvere innbyggjarane anten gjennom folkerøysting, høyringsmøte eller spørjeundersøkingar. Målet er å gjere prosessen kring kommunesamanslåing lokalt forankra. Fristen er våren 2016. Innan då skal kommunane ha bestemt seg kven ein vil slå seg saman med.

Inga Ishild Hareide

15/03/2015
by Magny Krumsvik
Comments Off on Førsteretten – om urfolk og anna folk

Førsteretten – om urfolk og anna folk

Astri Thunold (1)
Det er debatten journalist i NRK, Astri Thunold (bildet), ønskjer å reise i Senioruniversitetet sitt temamøte komande torsdag, 19. mars, på Ulstein Kompetansesenter på Reiten. I 2011 laga ho ein tv-dokumentar om saka som vart mykje diskutert innafor det samiske området.

-Det som overraska meg mest, er at det ikkje er mogleg å bli same. Du må vere fødd eller adoptert inn i ei samisktalande slekt. Om du bur og arbeider i samisk område, lærer deg samisk, gifter deg samisk og får samiske born, vil du aldri sjølv kunne få stemmerett til Sametinget, seier ho.
-Tenk om du aldri kunne få stemmerett i Noreg, uansett kor lenge du bur og arbeider her, berre fordi du ikkje har norsk avstamming. Det er jo utenkeleg, seier Thunold.
Korleis lova skil same frå ikkje-same, har betydning for fleire enn samane sjølv. Samane er nemleg anerkjent som Noregs einaste urfolk. Noreg har underteikna internasjonale konvensjonar som gir dei rett til å rå over sine tradisjonelle landområde, og rett til sjølvstyre.
Samane sin status som urfolk byggjer på ideen om at dei stammer frå et opprinnelig folk. Det er dette som gir samane særrettar andre norske minoritetar ikkje har. Det har gjort historie og arkeologi til politisk brennbare forskingstema.
-Kven var dei menneska som befolka landet vårt i førhistorisk tid, og er vi deira
etterkommarar? No kan forskninga gje nye svar på desse spørsmåla, når DNA frå eldgamle skjelett vert samanlikna med DNA frå nolevande befolkning, seier Thunold.
Sametinget avgjer om slik forsking kan gjerast på samiske levningar. Fleire leiande
samepolitikarar har til no vore negative til dette. I 2011 vedtok Sametinget å grava ned 96 namnlause gamle samiske skjelett utan kjende etterkomarar i ei storstilt gravferd. I år ventar ei ny skjelettgravferd i Finnmark.
Astri Thunold har jobba med undersøkjande dokumentarproduksjon i NRK si
fjernsynsavdeling i Bergen sidan 2001. Ho vann SKUP-diplom og Sølvparaplyen i 2009, og Gullparaplyen i 2013. Ho har og vore nominert til Gullruten og Prix Europa, og fekk stipend frå Fritt Ord i 2012. Sjå annonse i tysdagsavisa.

Inga Ishild Hareide