Referat…..Den nye nabokjerringa

Den nye nabokjerringa

Det var både opplysande og urovekkande, det tidlegare journalist Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, no dekan ved Høgskulen i Volda, sa under temamøtet i Senioruniversitetet torsdag 28.9 på Den Gamle Nabo i Ulsteinvik.
Ho kunne til dømes opplyse at det var seniorane som nytta sosiale media mest. Tre av fire brukarar på facebook er over 60 år. Ein står ikkje lenger ved hagegjerdet for å høyre nytt. Det skjer på facebook.
-Men i motsetning til dei ordinære media er her ingen redaktør. Ansvaret er vårt eige. Dei sosiale media har heller ikkje eit samfunnsansvar. Her er såleis mange grunner til å vere varsam. Der er også eit skilje mellom privat og personleg informasjon, og eit skilje mellom offentleg og privat profil. Her fekk ein bruke vanleg folkeskikk, og tenkje over kva interesse andre har for ditt liv, hevda ho.
Men ho meinte også at ein må vere villig til sjølv å dele, ikkje berre sjå kva andre legg ut.
Det urovekkande var at 86% av 15åringer bruker sosiale media dagleg. Stadig fleire av dei er ikkje ute med vener.
– Fire av ti er ikkje ute med vener i det heile, sa ho og viste til undersøkingar der det kom fram at det er ein markant nedgang i utanomorganisert fritidsaktivitet blant ungdomar.
Ho viste også til at her er ein samanheng mellom skjermtid og mobbing. Fleirtal av ungdomane som blir mobba, bruker mykje tid framfor skjermen. Og vise versa; lite skjermbruk gir lite mobbing. Dei som aldri mobbar er vesentleg mindre tid ved skjermen. Når ungdomar stort sett kommuniserer via nett blir dei asosiale, dei lærer seg ikkje å tolke ansiktsutrykk. Ser ikkje reaksjonen på den som tek i mot meldinga. Skrift verkar dessutan sterkare enn tale.
Til slutt kom ho med ei formaning; pass på når du sender avgarde eit fotografi, spesielt av barnebarn. Og spør alltid om lov først.

Inga Ishild Hareide
leiar Senioruniversitetet i Ulstein