Referat frå populær temakveld om gardsnamn i Ulstein

johano

Kantina på Reiten var fullsett då Senioruniversitetet i Ulstein ønskte Johan Ottesen velkomen til å snakke om gardsnamn i Ulstein.

Han starta på Flø og tok føre seg gard for gard innover i kommunen. Han viste samstundes korleis namna hadde endra seg gjennom åra. Ulstein, eller Ulfstein, kunne kome frå dyret ulv, eller personen Ulv som i tidlegare tider busette seg der. Sjølv hadde han meir tru på dyrenamnet.

Vegen gjekk vidar til Hofset, Holsekr, Løseth, via Dimna, Garnes og Eiksund.

Han forklarte også det eldste namnet på øya, Hód, som han meinte måtte ha med ein type hav å gjere.

Han illustrerte forklaringane sine med flotte foto, slik at ein heile tida var klar over kvra namnet skreiv seg frå.

Inga Ishild Hareide