Samanbrotet i norske media – referat

Seniorroppen
Professor Johann Roppen (bildet) tok utgangspunkt i ideologi og privat eigarskap under temamøtet i Senioruniversitetet i Ulstein 25.02, og forklarte korleis media har gått frå å vere knytt til politiske parti til ein stadig vanskelegare økonomi.

Utviklinga har gått via blybokstavar, først til offset­teknologien då heile avisproduksjonen skjedde innanfor same lokalet, til dagens teknologi som har flytta tenester ut. Avisprodusenten har såleis ikkje hand om heile produktet lenger.
Han viste også til at på 70-­talet vart journalistane meir samfunnskritiske. Kanskje vart dei inspirerte av Watergate­saka der president Nixon vart felt på grunn av gravande journalistikk.
Men ein kan lure på om det førte så mykje med seg, fordi det ofte ikkje er dei viktigaste sakene det blir grave i. Det er kjendisstoff kontra det som er viktig for samfunnet, meinte han.
Han spurte seg om avisene i dag har økonomi til å drive gravejournalistikk, og viste til at mykje av annonseinntektene går til Google og andre nettselskap. Også Facebook stel annonseinntekter frå norske aviser. Desse betaler heller ikkje skatt i Norge.
Roppen kunne fortelje at her er 225 aviser i landet, noko som han var svært stolt av. Og talet har fram gjennom åra vore nokolunde stabilt. Han viste også via graf korleis opplaget til VG og Dagbladet har endra seg. Opplaget toppa seg midt på 90-­talet med to store aktuelle saker; EU-kampen og OL på Lillehammer i 1994. Deretter greidde dei ikkje å halde på lesarane. På same tid vaks nisjeavisene som Morgenbladet, Dag og Tid og Klassekampen.
Han tok også føre seg TV og radio der NRK framleis er norsk eigd medan TV2 blir eigd av eit dansk selskap, TV Norge av Discovery, P3 og P4 blir styrd frå Sverige og Radio Norge ha tyske eigarar. Slik han såg det, er her politisk vilje til at NRK vil halde fram med norsk eigarskap.
Grunngjevina er at dei er oppteken av å ta vare på norsk språk og kultur, men Roppen meinte her er få garantiar på at dette ville halde ved.
Professor Roppen konkluderte med at enno er her ikkje samanbrot i norske media.
Vi har framleis gode lokalaviser med eit stabilt sal, men er det godt nok? Her er aukande marknad for gratisaviser. Men spørsmålet er korleis det går med dei digitale media. Vil dei bli prega av norsk innhald eller ein global suppe.

Inga Ishild Hareide