Sunnmørsbunader og deira historie

Bunader
Foto: Husfliden, Ålesund

Komande torsdag er det igjen klart for temamøte i Senioruniversitetet. Direktør på Nordfjord Museene Anne Kristin Moe vil snakke om bunader og historia deira.

Vi nærmar oss mai då bunader i fleire variantar vil pryde bygdene våre, og kvar har si spesielle historie. Moe vil spesielt ta føre seg sunnmørsbunadene, og kjem spesielt til å fokusere på forskjellane mellom Nordre og Søre Sunnmøre. Ho fortel at det har vore forskjellige bunader fram gjennom tidene, både når det gjeld 1800-talet sine folkedrakter og bunadene som blei laga på 1900-talet.

Anne Kristin Moe er kulturhistorikar. Ho har vore dagleg leiar ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt,   konservator for eldre bygdekultur ved Norsk Folkemuseum, der ho arbeidde mykje med bunadhistorie. Det resulterte i boka «Broderte bunader» som ho vil selje kontant etter foredraget. 1. mars i år tok ho over leiinga ved Nordfjord Museene.

Temamøtet går føre seg i kommunestyresalen i Ulstein rådhus torsdag 21. april, og tek til klokka 1900.
Her er det plass til alle interesserte.

Vel møtt!

Inga Ishild Hareide