Tankevekkande kåseri på julemøtet

stk
30 av Senioruniversitetet sine medlemar var tysdag samla til det tradisjonelle julemøtet på Sunnmøre Folkehøgskule. Og som forventa fekk vi servert ein smakfull julebuffet. Medlemane var såleis gode og mette då sokneprest og tidlegare sjømannsprest Stein Karstensen (bildet) fekk ordet.

Kontrasten vart såleis stor til Karstensen sin kvardag i Brasil, som han fortalde på ein lun måte.. Han møtte stor fattigdomen og nød, og fortalde mellom anna om ei sju år gamal jente som ikkje kunne gå på skule, men måtte vere heime og passe søstera si på eitt år medan mora arbeidde. Ho var ikkje einaste i ein slik situasjon.

Han fortalde også om korleis misjonen fekk bygd kyrkje i Brasilia med hjelp mellom anna frå fleire i Hareid. Der laga dei juleteater ute på dugnad. Denne julefeiringa vart ein stor kontrast til deira eiga feiring.

Det var ei tankefull forsamling som tok fatt på desserten. Men praten tok seg fort opp att.

Kvelden vart avslutta med at leiarane for studiesirklane fekk utdelt kvar sitt gåvekort som takk for innsatsen. Dei som ikkje var til stades, vil få gåvekortet sendt i posten.

Inga Ishild Hareide