Temakveld med Pål Espolin Johnson

espolin

Neste temakveld i Senioruniversitetet blir
torsdag 3. april på Fredheim kl 1900
med Pål Espolin Johnson (bildet)
forfattar, fotograf, reiseleiar, kåsør og tidl. lektor

Med tema «Levd liv» gir han i eit kåseri m/lysbildeinnslag, møte med sterke så vel som frodige livsskjebner som har prega forfattarskapet hans. For å nemne nokre: Lorentze, Olsen frå Norge, Sverre på Latøya, Russerinnen i Grense Jakobselv, Johannes uteseiler i Støyten, frøyværingen Sverre og sunnmøringen Marie med harpeleiken, ungkarsfarmaren i Winneschiek County og spelemannen frå Dakota.
Kåseriet er eit møte med nordmenn heime og ute som hadde ei historie å fortelje. Men først og fremst er det levd liv langs vår eigen kyst som er i fokus.
Temamøtet denne gongen blir på Fredheim, og etter kåseriet blir det loddsalg, kaffi og kake.
Og så håper vi at mange kjem og høyrer Pål Espolin Johnson sine historier om levd liv langs vår eigen kyst.
Vel møtt til alle!