Temamøte: Kjersti Kleven – Utfordringar i verftsindustrien


Grunn til optimisme

Styreleiar ved Kleven Verft, Kjersti Kleven, sitt foredrag på Senioruniversitetet sitt temamøte førre veke gav grunn til optimisme for næringa. Godt arbeid og å vere til å stole på var stikkord i denne samanheng i lag med avansert teknologi.

-Vi gir ikkje opp. Vi ser etter nye muligheiter. At det skulle byggast yacht i Ulsteinvik, trudde vel ikkje så mange, sa ho innleiingsvis.

Ho starta med å vise historia til verftet, frå bestefaren tok til å reparere fiskebåtar på 50-talet, til dei bygde sitt første nybygg 1961 og fram til i dag med ankerhandterigsfarty, kabelleggjar og hurtigruter i ordreboka.

-Dette viser at vi er i stand til å bygge nye typar båtar. Satsingsområdet vårt er avanserte skip, det blir for enkelt å bygge lastebåtar, det gjer vi ikkje lenger. Hurtigrutene blir hybride for ikkje å forureine og for å få ein stille fart.

I denne samanheng kunne ho opplyse at maskinromma vert bygde i Ulsteinvik medan andre seksjonar vert bygde i Polen. Så vert delane sette saman ved robotisert sveising.

På spørsmål frå salen om ikkje robotisering ville føre til færre tilsette, svara ho at det vil føre til andre typer fagfolk.

-Ein må ha programmerere som kan å sveise, og ein treng reparatørar for robotane.

Myklebust Verft, som er ein del av Kleven, arbeider på ein annan marknad og skal mellom anna byggje den første ferja som skal gå på batteri. I tillegg har dei fem trålarar og to brønnbåtar i ordreboka.

Kjersti Kleven meinte framtida ligg i marin aquakultur, om korleis ein kan nytte ressursane i havet. Dette trudde ho kunne verte ein ny veg for vekst i skipsindustrien. Der ein kunne nytte erfaringane både frå bygginga av fiskebåtar og offshorefarty.

Verftet investerer i både teknologi og kompetanse. Ein måte å gjere det på, er å investere i framtidige tilsette ved å ta inn lærlingar. Her viser dei samfunnsansvar, og har i dag 38 lærlingar, blant dei sju jenter.

25 møtte fram på Reiten denne kvelden.