Temamøte om Demokrati referat

 

65 personar møtte fram for å høre professor emeritus Gunnar Skirbekk sitt foredrag på Aktivitetshuset Vikholmen 8. mai. Det vart følgd opp av spørsmål frå eit engasjert publikum.

Han kalla foredraget sitt for «Føresetnader for demokrati». Men kva er så føresetnadene for demokratiet?

Statsforfatninga vår med den lovgivande, utøvande og dømmande makt, det vil seie stortinget, regjeringa og domstolane som er uavhengig av kvarandre, er ein vesentleg faktor i denne samanheng.

Ein annan føresetnad for demokrati er ein god offentleg skule. I alle demokrati er det skuleplikt.

Han peika på at som veljar i eit demokrati kan ein også sjølv bli vald. Då trengs det at ein har kunnskap. Dermed blir skulen ein av føresetnadene for demokratiet. Som statsborgarar i eit demokrati er vi medansvarlege og har plikt til å halde oss oppdaterte.

-Mange politiske vedtak får konsekvensar utanfor landegrensene og for dei som ikkje er med på å bestemme, som framtidige generasjonar. Difor er det viktig at politikarane forstår kva dei vedtek. Her er det mange utfordringar, sa han mellom anna og viste til bioteknologilova, finanslover og militæralliansar. Med andre ord er sakene meir komplisert enn i 1814.

Eit anna viktig moment for å få demokratiet til å fungere, er å prøve ut argumenta sine i det offentlege rom og i møte med ulike standpunkt, med andre ord ytringsfridom. I denne samanheng meinte han ein må lære seg å lytte til andre.

Skirbekk kom også inn på «Den norske modellen» der historiske læringsprosessar har vore viktige.

Her viste han mellom anna til Hauge-rørsla, avhaldsrørsla og Saniteten. Folk organiserte seg og utvikla institusjonar som la grunnlaget for velferdsstaten.

I forklaringa på korleis Norge skilde seg frå mange andre land, gjekk han tilbake til tida med embetsmenn. Sidan vi ikkje hadde adel her i landet, fekk embetsmennene arbeid i kraft av kva dei kunne.

Skirbekk kom også inn på våre nye landsmenn. Mange av dei har med seg ein kulturell identitet som er knytt til klanen frå heimlandet. Skal desse finne seg til rette i eit demokrati som det norske samfunnet er, må dei avkodast denne klan-identiteten.

Slik han såg det, er økologisk ubalanse, sosio-økonomiske skilnader og global kapitalisme blant utfordringane i dag. Han den globale kapitalismen på sikt vil føre til at den norske modellen står under press. Og det kritiske er at dette ikkje blir diskutert.

-Vi må ha ein internasjonal handel. Spørsmålet er i kva stor grad vi er avhengig av ein stat og å ha grenser. Systemet vi har i dag er ikkje berekraftig, meinte Gunnar Skirbekk.