Tida går for kommunereforma

Referat frå temamøte 30. april

Innan 1. juli skal kommunane leggje fram ein rapport om korleis arbeidet med kommunereforma skrid fram. Til då skal dei ha involvert innbyggjarane. Om eitt år skal den endelege avgjerda ligge føre.

Senioruniversitetet hadde invitert Einar Vik Arset, rådmann i Ulstein kommune, til sitt siste temamøte våren 2015, med kommunereforma som tema. Han kom med overraskande informasjon. – Norge skal ikkje endrast, – Norge er endra, sa han og viste til dei mange oppgåvene som kommunane har fått dei siste 50 åra; og viste til dei interkommunale samarbeidsordningar ein har; kommunale foretak, heil‐ og deleigde aksjeselskap, vertskommuneavtalar og stiftingar. Dette meinte han er uklarleik sett i system, til dels udemokratisk og byråkratisk.
Men han tvilte på om dei foreslegne samanslåingane ville gje meir demokrati.
Kommunen si oppgåve i dette arbeidet er å greie ut dagens situasjon og kva utfordringar ein ser framover. Men rådmannen meinte dette raskt kan kome til å handle om kjensler. Kor har min kommune vekstmoglegheit og med kven, både i forhold til innbyggjarar, næringsutvikling og i forhold til tenestetilbodet.

Felles arbeidsmarknad
Ekspertutvalet rår til at kommunane vurderer valet av kven dei vil slå seg saman med ut frå mellom anna om dei har økonomisk soliditet, effektiv tenesteproduksjon, relevant kompetanse , lokal identitet og funksjonelle samfunnstviklingsområde.
Når det gjelder storleiken på kommuneetane viste han til at Ekspertutvalget nyttar omgrepet «hverdagsregioner» , det vil seie felles arbeidsmarknad med inn‐ og utpendling frå kommunane. Ut frå tal i 2013 er Hareid,Ulstein, Herøy og Sande ein slik kvardagsregion. Ein slik modell ville gje 11 kommunar i Møre og Romsdal.
Men Fylkesplansjef i Møre og Romsdal, Ole Helge Haugen, meiner at om ein skal ta signala frå regjeringa på alvor, bør Møre og Romsdal ikkje ha fleire enn fire‐ fem kommunar. Det vil i vår region inkludere Volda, Ørsta og Vanylven under namnet Eiksund kommune.
Men både i Ulstein og Hareid er det vedtak om å ta del i prosessen ”Regionkommune Ålesund”.
Når det gjeld ein storkommune, såg fylkesplansjefen for seg kommunedelsutval som ville sikre lokalpolitisk engasjement og at visse lokalpolitiske oppgåver vert desentraliserte.

Frå fylke til kommunane
Arset la også fram kva oppgåver dei framtidige kommunane skulle ha. Ideen er at arbeidsmarknadstiltak skal gå frå NAV til den einskilde kommune. Det same gjeld Frå fylkeskommunen skal ein ta over vidaregåande opplæring , fylkesvegar, kollektivtransport og verkemidlar for nærings‐ og samfunnsutvikling, frå fylkeskommunen. Barnevern, fosterheim og institusjon skal overførast frå Bufetat. Etter denne planen skal ansvaret for habilitering og rehabilitering flyttast frå helseføretaka til kommunane.
‐Kva vert situasjonen om få år om det vert smått med ressursar. Kven har då ansvar for rettigheitar som ikkje blir innfridd fordi det ikkje er midlar til det? Eg er sikker på at skal kommunane få bestemme meir sjølv, blir det større forskjellar i kommunane sine tenestetilbod, undra han seg og karakteriserte det som eit politiske svarteperspill.

Innbyggjarane skal høyrast
Prosessen er no i den såkalla utgreiingsfasen. Ein skal vurdere samanslåing. Men det er ein omstendeleg prosess der ein i år før valet skal involvere innbyggjarane anten gjennom folkerøysting, høyringsmøte eller spørjeundersøkingar. Målet er å gjere prosessen kring kommunesamanslåing lokalt forankra. Fristen er våren 2016. Innan då skal kommunane ha bestemt seg kven ein vil slå seg saman med.

Inga Ishild Hareide