Triveleg tur i austerled med Ivar Mork

Med Ivar Mork i austerled

Ivar Mork hadde med seg eit reisefølgje på 45 då han sist fredag vitja Senioruniversitetet i Ulstein Aktivitetshuset Vikholmen for å fortelje om reisene sine utanfor allfarveg. Det vart ei triveleg reise der ein fekk kjennskap til både historia og kulturen i landa.

Første stopp var i Kaukasus. Han fortalde levande om Georgia og Armenia, og om folk han møtte desse stadene. Han minte også om dei største heltane i Armenia; Fridtjof Nansen og misjonær Bodil Bjørn.

Reisa gjekk vidare til Iran der han starta med å fortelje om då sjah Muhammed Reza Pahlavi som han karakteriserte som ein bortskjemt gutunge, og gjekk over til å fortelje om korleis landet vart då presteskapet tok over. Han fortalte at her var mange som var universitetsutdanna, og fleirtalet var kvinner. Men det var svært vanskeleg å få seg eit arbeid. Dei må velje anten karriere eller ekteskap. Og med presteskapet var ekteskapsalderen sett ned til 9 år.

I møte med innbyggjarane fekk han høyre at det var dei rike tente på sanksjonane som landet var utsett for, medan dei fattige leid. «Fortel vesten at det er slik», sa ein til han.

Vegen vidare gjekk til Kambodsja og Laos. Kambodsja meinte seg å vere eit liberalistisk demokrati, men Mork hevda det var eit fullstendig lovlaust land. Då var det betre i Laos, som var eit kommunistisk diktatur, men velstanden likna mykje på slik det ein såg i Skandinavia. Han kunne o elles opplyse at her budde 43 forskjellige minoritetar.

Mork avslutta reisa si i Nord-Korea. Her demonstrerte han på beste vis korleis dei måtte oppføre seg når dei vitja museum og andre stader som Kim-ane hadde vore. Turistar var velkomne, men dei vart passa på, fekk ikkje gå der dei ville og heller ikkje fotografere det dei ønskte.

Mange av ungdomane i desse landa hadde teke seg utdanning og såleis lært seg engelsk. Det vart deira kapital, hevda Mork. Med engelskkunnskap kunne dei få seg arbeid spesielt innan service og reiseliv.

Han kom med mange gode råd for slike reiser.

-Jo meir avsidesliggande strok ein reiser til, jo viktigare er det å setje seg inn i tilhøva der ein skal. Han råda til å ha ein kopi av passet sitt, og ha med dopapir.

-Det fins ikkje aust for Bosprosstredet.

Men farleg såg han ikkje at det var å reise slik. Jo mindre plassen er, jo betre tek dei vare på deg, hevda han.

-Kulturen på landsbygda er den same anten du er i Haddal eller i Oman. Og det er ikkje nokon stad eg kjenner meg så trygg som i muslimske land. Men det viktigaste er å ha respekt for skikkane i det landet du kjem til, og å oppføre seg høfleg.