Tur til Opera Nordfjord 5. oktober

Endring i programmet

På grunn av uføresette problem med lisensen til Rosenkavaleren av Richard Strauss, må Opera Nordfjord diverre utsetje denne operaen. I staden byd dei inntil Hoffmanns Eventyr av Offenbach. Senioruniversitet har sine 30 billetter til premieren 5. oktober, med frist for tilbakemelding 1. august.

Hoffmanns Eventyr er ein fantasiopera med sprudlande musikk med den kjende Barcarole, fantasifulle karakterar, flotte korparti, spenstige dansarar og fargerike kostymer.

Handlinga i operaen er basert på tre noveller av E.T.A. Hoffmann, der Hoffmann er hovudpersonen. Godt hjelpt av sin muse, Niklaus, kjempar han kampen mellom kjærleiken og kunsten. Historia startar og endar i vinkjellaren til Lutter, der Hoffmann sit og drikk og drøymer om kvinner.

Vi vonar medlemane vil vere med til ein sprudlande kveld i haustmørkret. Vilkåra er dei same.

Vi vil også i år ordne med eit lite kafèbesøk slik at ein får seg ein kaffi før ein set seg til i konsertsalen.

Påmeldinga er å betale inn kr. 495,- til Senioruniversitetet i Ulstein sin konto nr. 3910.33.13108.

Såleis kan ein seie at den som kjem først til mølla, får male. Men vi vil følgje godt med og sende ut ny melding om der anten er fullt eller ledige plassar fram mot 1. august. Dette er langt fram i tid, men for å få billettar på premieredagen måtte vi gjere det på denne måten.

Bussbilletten betalar ein ved ombordstigning.

Senioruniversitetet vonar mange melder seg, og seier vel møtt til eit triveleg sosialt samvær.

Helsing styret v/Inga Ishild Hareide