Vellukka temamøte om reformasjonen

reformasjonen
Over 30 møtte fram til Senioruniversitetet sitt temamøte sist torsdag der professor Anders Aschim frå Høgskulen i Volda heldt eit svært interessant foredrag om kva den lutherske reformasjonen førte til. Vart det eit større handlingsrom eller fleire innskrenkingar for folk her i landet.

«Grenseoverskriding eller grensesetjing? Den lutherske reformasjonen i Noreg» var tittelen på Aschim sitt foredag. Han tok utgangspunkt i Luther sine teser, som det var sådd tvil om han slo dei opp på kyrkjedøra i Witterberg. Eitt var i alle fall sikkert; tida for inntog i Noreg var i 1537.
Kong Kristian II som var inspirert av reformasjonen og Noreg fekk nytestamentet i dansk utgåve. Men sjølv om bibelen vart omsett, meinte Aschim litt seinare i foredraget at salmeboka hadde betydd meir for folk enn bibelen. Ved innføringa av reformasjonen tok «dei omvende» til å synge ved bordseta, noko som vakte stor harme hos dei katolsk geistlege.
Aschim meinte ein kunne sjå på reformasjonen som ei frigjeringshistorie. Der skjedde eit oppgjer med kyrkja, med kyrkja sitt babelonske fangenskap og dei kristne sitt fangenskap. Det alminnelege menneske kan ha kontakt med Gud, vart det den gong hevda. Dei treng ingen mellommann. Det gjekk føre seg ei demokratisering av kunnskap.
Så langt den positive utviklinga, men etter det Aschim fortalde, vart avgrensingane langt større, både politisk og religiøst. Til dømes fekk ikkje personar med ei anna tru adgang til riket, mellom andre vart jødane utestengde. Reformasjonen førte også til at vi tapte sjølvstendet, den vart starten på det som vert kalla 400-årsnatta, kolonitida med Danmark. Kongen av Danmark gjorde seg eineveldig. Kyrkja var ikkje lenger ein maktfaktor. Ho vart ein del av det royale. Også prestane vart kongens menn.
Men reformasjonen vart innført stegvis då her måtte utdannast prestar etter at dei geistlige i den katolske kyrkja måtte gå frå embeta sine.
Også økonomisk fekk det følgjer. Kyrkjegodset var anten krongods eller delt ut til høvedsmenn. Strafferetten kom inn under kyrkja. På dette området meinte Aschim dei gjekk tilbake til praksisen i det gamle testamentet. Når det galdt språket, vart norsk til dansk.
Eit anna moment var at Noreg i katolsk tid hadde stort samkvem med den katolske verda. No vart Roma erstatta med København. Han minte også om at ein heller ikkje skulle gløyme at hekseprosessane her i landet skjedde i desse tider. Noreg har trudd dei har vore friare enn kva realiteten var, meinte professor Aschim.
Det vart også tid til ei spørjerunde, og mange interessante problemstillingar vart teke opp i denne delen. Såleis eit svært vellukka temamøte, der dei frammøtte viste stort engasjement for temaet, og gav professor Aschim ein solid applaus.

Referat v/Inga Ishild Hareide